Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos fisk"

Gjennom desse refleksjonsoppgåvene skal du finne ut meir om korleis fiskane formeirar seg.

skrei
  1. Kva for fordelar og ulemper har guppyen av å føde levande ungar og av at hoa får nok sædceller til fleire svangerskap frå ei enkelt paring?

  2. Klovnefisk som gjemmer seg blant anemoner
    Klovnefisk blant anemonar.
    Klovnefiskar blir òg kalla «anemonefiskar» fordi dei lever heile livet sitt blant tentaklane til anemonar på korallrevet. Kva for fordelar har klovnefiskane av dette? (Bruk eksterne kjelder.)

  3. Tangsnella er ein nålefisk hos oss med eit komplisert og forunderleg formeiringsmønster. Tropiske slektningar er sjøhestane. Kva kan du finne ut om formeringsbiologien til sjøhestane?

  4. Silda er stimfisk og ein av dei aller viktigaste matfiskane våre. Tidleg om våren kjem ho inn til kysten for å gyte. Finn ut kva slags miljøfaktorar som styrer gytinga, og kvifor silda oftast gyter på grunne bukter med sandbotn.

  5. Bruk eksterne kjelder og finn fram til viktige område i Noreg der laksen gyter.

  6. Labrus bimaculatus
    Blåstål forandrar farge ved reproduksjon. Er det fleire artar som gjer dette?
    Kvifor trur du blåstålet utviklar spesielt kraftige fargar under paringsleiken? Kva for andre organismar kjenner du som har tilsvarande fargeforandringar når dei skal reprodusere?

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter