Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Formeiring hos fiskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos fisk

Ulike fiskeartar formeirer seg på fleire ulike måtar. Mange artar gyter i dei frie vassmassane der egga blir klekte. Dei små larvane driv med straumen og må klare seg sjølv utan noko form for omsorg. Andre artar passar iherdig på både egg og ungar.

En anemonefisk ved eggene. Foto.
Ein klovnefisk vaktar egga iherdig og investerer mykje energi i å pleie egga. Dei nyklekte larvane driv avstad med straumen, og då er foreldrerolla over for klovnefiskparet.

Beinfisk gyter fritt i vatnet

Dei fleste beinfiskar som torsk, sei, lyr og sild er særkjønna. Dei gyter egg og sædceller fritt i vatnet der befruktninga går føre seg. Egga blir klekte til små, larvar med plommesekk. Larvane et plankton og veks opp til kjønnsmodne individ. Dette er den vanlegaste hendingsgangen for formeiring hos fiskar i havet.

Eit velkjent eksempel er torsken, der ei enkelt hoe kan produsere opptil fem millionar egg kvart år i fleire påfølgjande år. Kvar vinter kjem millionar av torsk (skrei) til mellom anna Lofoten og Vesterålen for å gyte. Til saman produserer dei milliardar av fiskelarvar, men berre nokre få av desse veks opp til kjønnsmodne torskar. Torsken produserer ei overflod av ungar for å sikre at nokre av dei overlever.

Formeiring hos bruskfisk

eggkapsel
Ein liten hai utviklar seg mens han er godt verna inni ein eggkapsel.

Bruskfisk som hai og rokker har ein annan strategi enn beinfisk. I staden for å produsere ei stort mengd med larvar som er lite utvikla når dei blir klekte, får dei nokre få, høgt utvikla ungar. Befruktninga skjer innvendig, men hos mange artar utviklar egga og yngelen seg i ein eggkapsel utanfor kroppen.

Mange ulike strategiar

I konkurransen om å overleve som art har det utvikla seg mange forskjellige åtferdsmønster og strategiar som har vore vellykka opp igjennom evolusjonen.

Nokre artar festar egga til underlaget og vernar desse iherdig heilt til dei blir klekte og yngelen sym fritt. Klovnefiskane på dei tropiske korallreva er eit døme på fisk med denne formeiringsåtferda.

Noen fisker er munnrugere og beskytter eggene mens de klekkes.
Havabbor som rugar egga i munnen.

Andre fiskeartar passar ikkje berre på egga, men på yngelen òg. Hos munnrugarane blir egga klekte i munnen til hoa. Her blir dei små larvane godt verna til dei blir større og meir robuste. Hos nokre artar vender yngelen seg gradvis til eit liv utanfor munnen og vender hurtig tilbake til munnen til mora viss det oppstår fare.

Hos nålefiskane finn vi kompliserte formeiringsmønster der hannen passar egga og ber fram yngelen. Vår eiga tangsnelle gjennomfører eit slikt paringsritual midt på sommaren. Paret utfører ein komplisert paringsdans der halane slyngjer seg rundt kvarandre. For kvar dans overfører hoa 10–20 egg til hannen. Egga oppbevarer hannen i rugeposar i buken sin. Ein hann kan ta imot egg frå fleire hoer. Etter omkring fem veker blir egga klekte. Ungane forlèt då rugeposen og begynner eit liv blant tang og ålegras.

Kjønnsskifte

Labrus bimaculatus
Blåstål.

Dei fleste fiskar er særkjønna, men nokre artar er hermafrodittar. Blåstålet og raudnebben, som er ulike fargeformer av same arten, er interessante eksempel frå vår eigen kyst. Dei fleste individa er hoer (raudnebbar) ved starten av livet.

Les meir

I ein populasjon er nokre individ såkalla primærhannar. Dei ser ut som hoer, men er likevel hankjønn heile livet. Rolla til dei primære hannane er ikkje kjend, men dei deltek truleg ikkje i formeiringa av arten. Sekundærhannar er raudnebbar (hoer) som utviklar seg til hannar (blåstål) ved eit kjønnsskifte som er styrt av sosiale forhold i populasjonen.

Blåståla held eit harem av raudnebbar. Viss det dominerande blåstålet døyr, blir ei av hoene til ein hann og tek over leiarrolla. Når arten formeirar seg om sommaren, byggjer blåstålet eit reir av algar som raudnebben blir lokka inn i. Her går paringsdansen føre seg, der blåstålet utviklar kraftige fargar som vekslar mellom lyse og mørke nyansar i løpet av sekund. Raudnebben legg cirka 1000 egg som blir befrukta av hannen og klekte etter ti døgn.


På vandring for å gyte – anadrome fiskeartar

Nokre fiskeartar, som laksen og sjøauren, vandrar frå havet til ferskvatn for å formeire seg. Om sommaren vandrar laksen opp elvar for å gyte blant småstein på elvebotnen. Både produksjon av kjønnsceller og symjing mot straumen i elvar og stryk er veldig energikrevjande. Til saman bruker laksen så mykje energi i formeiringssesongen at mange døyr etter gyting. Vinsten er at dei befrukta egga blir lagde i eit miljø der sjansen for at yngelen overlever, er høg. I Noreg går det om lag tre år før ungfiskane (smolten) forlèt elva og sym tilbake til havet. Her held dei seg i eit par år (kan variere) før dei blir kjønnsmodne og vender tilbake til vassdraget dei kom frå, for å gyte.

Levandefødde fisk

Poecilia reticulata

Hos nokre artar blir egga klekte inni hoa, som dermed føder ferdig utvikla ungar. Dette gjeld mellom anna den velkjende akvariefisken «guppy» (Poecilia reticulata), som lever fritt i Karibia og Venezuela.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter