Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos leddormar

Leddormane er ei mangfaldig dyregruppe, og dei har også eit stort spekter av formeiringsstrategiar. Om våren gyter mange marine leddormar på grunt vatn langs norskekysten, mens andre formeirer seg ukjønna. Meitemarken formeirer seg ved hjelp av eggkokongar.

Formering hos leddmark. Foto.

Kva er leddormar?

marin rørmark
Leddormar som lever i røyr, har gjort om børstane ved munnen til fargerike tentaklar som dei fangar plankton med.

Leddormane høyrer til rekkja Annelida, og vi kjenner til meir enn 10 000 artar. Som namnet seier, har leddormane ein kropp som består av ledd. Mange leddormar høyrer til børstemarkane i klassa Polychaeta (fleirbørstemarkar) der artane har store eller små børstar på kvart ledd.

Dei fleste leddormane lever i havet, men somme artar, som meitemarken, lever på land der dei grev seg ned i jordsmonnet.
Nokre marine leddormar lever i røyr som dei byggjer sjølve av kalk, sand eller mudder, men dei fleste artane i havet lever fritt og grev seg ned i botnlaget.

Meitemarken høyrer til klassen Oligochaeta (fåbørstemarkar) og har redusert børstane som berre er synlege viss ein studerer marken gjennom ei lupe. Meitemarken lever av ròtne planterestar og anna organisk materiale, og dreg med seg daudt lauv ned i jorda. Ved å ete og fordøye dette tilfører han næringsstoff og luft til jordsmonnet. På denne måten er meitemarken økologisk svært viktig. I ei upløgd eng kan det vere opp mot 800 meitemarkar per kvadratmeter.

Formeiring hos marine leddormar

Mange av leddormane som lever i havet, kan formeire seg ukjønna ved at kroppen deler seg i to, der kvar halvdel utviklar seg til eit nytt individ ved å regenerere (nydanne) dei kroppsdelane som manglar. Resultatet er to genetisk like leddormar.

Marine leddormar formeirar seg òg kjønna. Det er svært stor variasjon i korleis dette blir gjort, men ofte er den seksuelle formeiringa knytt til bestemte årstider, og styrt av lys og temperatur.

larve marin polychaet
Larve av marin børstemark sett gjennom mikroskop.


Dei fleste marine børstemarkane er særkjønna og har kjønnsorgana lokalisert i bestemte ledd. Kjønnscellene modnast inni ledda og gytast fritt i vassmassane der befruktninga skjer. Zygoten utviklar seg til ein larve med flimmerhår som han kan bruke til rørsle og matsanking. Etter ei stund søkk larven til botnen der han utviklar seg til ein vaksen.

Formeiring hos meitemark

Meitemarkane er hermafrodittar, og kjønnsorgana finst i den fremste delen av kroppen. Meitemarken har ikkje sjølvbefruktning, men parar seg og utvekslar sædceller. Sjølve paringa kan vare i to til tre timar.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter