Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Formeiring hos nesledyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos nesledyr

Nesledyra er enkelt bygde, men har mange ulike måtar å formeire seg på. Dei har alt frå kjønna formeiring hos enkelte korallar og generasjonsveksling hos glassmaneten, til ukjønna formeiring hos anemonane.

Glassmaneter. Foto.

Kva er nesledyr?

Tangblomst, Clava multicornis
Den vesle hydroiden Clava multicornis (tangblome) lever øvst i fjøra og veks ofte i små koloniar på tang og tare.

Nesledyra høyrer til rekkja Cnidaria, der vi finn korallar og anemonar, små hydroidar og frittlevande maneter. Dei aller fleste lever i havet, men nokre få hydroidar finst i ferskvatn. Nesledyra er svært enkelt bygde med tre cellelag og utan indre organ. Namnet har dei fått fordi dei inneheld stikkande nesleceller som lammar byttedyr og kan svi kraftig ved berøring.

Les om tropiske korallar og nesledyr i farvatna våre

Tropiske korallar

Korallrev fra Fiji
Korallrev på Fijiøyene i Stillehavet som er tørrlagt ved lågvatn.

Dei grunne, varme tropiske hava er levestaden til mange steinkorallar. Gjennom eit samliv med eincella algar utnyttar dei sollyset og byggjer imponerande korallrev ved å binde kalsium frå vatnet. Saman med korallpolyppane lever det mange andre virvellause dyr og fargerike fiskar her. Korallreva er dei mest mangfaldige økosystema i havet, men reva er no sterkt trua av global oppvarming.

Nesledyr i farvatna våre

Lophelia dypvannskoraller. Foto.
Steinkorallen Lophelia pertusa dannar rev på djupt vatn langs norskekysten og i alle andre djuphav. Djupvasssreva er tilhaldsstad for mange andre organismar, men dei veks svært sakte.

Langs norskekysten finn vi djuphavskorallar som òg byggjer rev. Korallreva på kontinental-sokkelen er dei eldste levande dyresamfunna vi har. Somme er meir enn 8000 år gamle. I dag er mange av reva freda, men blir likevel utsette for skade frå fiskereiskapar. I norske farvatn kan du òg finne mange nesledyr på grunt vatn. På bryggjepålar, steinar og på tang og tare i fjøra lever anemonar og fargerike hydroidar. Om sommaren flyt store brennmaneter og dei blå glasmanetene omkring i dei frie vassmassane.

Formeiringa hos nesledyra

Formering hos steinkorall
Ein steinkorall frå eit tropisk korallrev gyter pakkar med egg- og sædceller i dei frie vassmassane.

Blant nesledyra finn vi særkjønna artar så vel som hermafrodittar. Mange av artane formeirar seg både kjønna og ukjønna.
Dei fleste anemonane og korallane gyter egg- eller sædceller i dei frie vassmassane der egga blir befrukta. Zygoten utviklar seg til ein liten, frittsymjande larve som er dekt med ciliar (planulalarve). Denne slår seg ned på botnen og veks opp til eit nytt nesledyr.

På korallreva ved austkysten av Australia skjer formeiringa samtidig kvart år ei natt i november. Då gyter millionar av korallpolyppar egg- og sædceller i vassmassane. Masseformeiringa blant dei tropiske korallane er eit spektakulært syn og blir først og fremst styrt av vasstemperaturen og månelyset.

Knoppskyting hos Hydra. Illustrasjon.
Hydraen lever i ferskvatn. Han formeirer seg ukjønna ved knoppskyting. Ein knopp utviklar seg heilt til han har blitt eit vakse individ, før han brekker av og etablerer seg ein annan stad.

Nesledyr kan formeire seg ukjønna på ulike måtar. Anemonane kan dele seg i to eller snøre av vevsbitar frå fotskiva og på den måten klone nye, genetisk identiske individ. Nokre anemonar er vivipare, som betyr at nye individ utviklar seg inni morindividet som så «føder» levande ungar. Hesteaktinien, som er ganske vanleg i tidvass-sona langs norskekysten, er eit døme på dette. Han dannar ungar ved å snøre av vevsbitar eller ved partenogenese (utvikling av ubefrukta egg), mens kjønna formeiring enno ikkje er kjend hos arten.

Generasjonsveksling

Mange maneter og hydroidar vekslar mellom ukjønna og kjønna formeiring i løpet av livssyklusen sin. Dette blir kalla generasjonsveksling. Formeiring ved generasjonsveksling aukar sjansen for å overleve, samtidig som det tek vare på den genetiske variasjonen.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter