Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos dyr"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos dyr"

Gjennom desse oppgåvene skal du få kunnskap om det målet som overskyggjer alt anna for alle organismar, nemleg det å spreie gena sine til neste generasjon. Diskuter, bruk kjelder og legg vekt på å sjå formeiring i lys av utviklinga av livet på jorda.

Formering hos marekatter. Foto.
Paring hos marekatter
  1. Forklar forskjellen på kjønna og ukjønna formeiring.
  2. Uttrykket «survival of the fittest» blir ofte misbrukt. Korleis vil du forklare uttrykket i eit biologisk perspektiv? Diskuter og bruk kjelder.
  3. Guppy Poecilia reticulata. Foto.
    Guppy, Poecilia reticulata
    Ein guppy (akvariefisk) føder levande ungar, mens ein torsk i Barentshavet legg tusenvis av egg som blir befrukta i dei frie vassmassane. Kva fordelar og ulemper har dei to måtane å få avkom på når det gjeld overlevinga til artane?
  4. Kva for tilpassingar deler fuglar og krypdyr når det gjeld formeiring?
  5. Reir med egg
    Fuglereir med egg.
    Kva for fordelar og ulemper gir formeiring ved egglegging på land?
  6. Menneskefosteret badar i fostervatn. Korleis kan det då puste utan å drukne?

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter