Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Ordliste – omgrepsforklaringar til "Formeiring hos plantar"

Denne ordlista gir ei oversikt over omgrep som ofte blir brukte innanfor temaet formeiring hos plantar. Ordlista har òg med enkelte synonym. Ordforklaringa står då under det omgrepet som er mest vanleg, og viser dit med "Sjå synonym". Kursiverte ord i ordforklaringane er forklarte i ordlista.

Åpen bok. Foto.
  • ANGIOSPERM: Sjå dekkfrøa blomeplante.

  • ANISOGAMI: Gametane/kjønnscellene ser forskjellige ut, anten ved å ha ulik størrelse, vere rørlege i ulik grad eller begge delar (sistnemnde kaller vi oogami). Jamfør isogami.

  • ANTERIDIUM: hannleg gametangium/kjønnsorgan; fleircella struktur som produserer hannlege gametar/kjønnsceller (sædceller). Blir òg kalla sædgøyme. Finst hos mosar og karsporeplantar.

  • ARKEGONIUM: holeg gametangium/kjønnsorgan; fleircella, ofte flaskeforma, struktur som produserer holege gametar/kjønnsceller (eggceller). Blir òg kalla egg-gøyme. Finst hos mosar og karsporeplantar.

  • ARR: den delen av fruktemnet der pollenet fester seg og spirer. Finst hos dekkfrøa blomeplantar.

  • BEFRUKTNING: samansmelting av to haploide gametar / kjønnsceller og danning av ein diploid zygote.

  • BLOME: reproduktivt skot; skot som ber formeiringsorgan hos dei dekkfrøa blomeplantane. Blomen kan vere einkjønna (eigne hann- og hoblomar) eller tokjønna (hann- og hoorgan i same blome). Blir somme gonger brukt om tilsvarande holege strukturar hos dei nakenfrøa plantane òg; sjå kongle.

  • BLOMEPLANTE: Sjå dekkfrøa blomeplante.

  • DEKKFRØA BLOMEPLANTE: angiosperm; frøplante med blome og frukt; frøemnet/-a har fruktblad slutta kring seg.

  • DIOIK: Sjå særbu.

  • DIPLOID: celler eller individ med to av kvart kromosom.

  • DIPLONTISK LIVSSYKLUS: livssyklus der det diploide stadiet er det einaste fleircella stadiet. Gametane/kjønnscellene utgjer dei einaste haploide cellene. Utbreidd i dyreriket, inkludert hos mennesket. Finst òg hos nokre brunalgar.

  • EGGCELLE: holeg (urørleg) gamet/kjønnscelle.

  • EMBRYO: tidleg utviklingsstadium hos landplantar (embryofyttar); umoden sporofytt (diploid plante) som har utvikla seg etter befruktning i eit arkegonium eller eit frøemne.

  • EMBRYOFYTT: Sjå landplante.

  • EMBRYOSEKK: Sjå kimsekk.

  • ENDOSPERM: frøkvite; opplagsnæringa til frøet, blir danna hos dekkfrøa blomeplantar etter dobbel befruktning.

  • FRUKT: ein moden fruktknute (nokre gonger heile fruktemnet); eitt eller fleire modne frø med fruktblad slutta kring seg. I vid forstand inkluderer det òg andre strukturar (for eksempel blomebotnen) når desse veks saman med resten av frukta og hjelper til med spreiing og/eller vern av frøet/-a. Finst hos dekkfrøa blomeplantar.

  • FRUKTBLAD: holeg del av blomen; sluttar kring eitt eller fleire frøemne, dannar fruktemnet. Fleire fruktblad kan vere samanvaksne. Svarer til sporofyll utviklingsmessig.

  • FRUKTEMNE: holeg del av blomen som består av fruktknute, griffel og arr. Danna av eitt eller fleire samanvaksne fruktblad.

  • FRUKTKNUTE: den nedre delen av fruktemnet som inneheld frøemna/ovulane; utviklar seg til ei frukt etter befruktning.

  • FRØ: formeirings- og spreiingseining hos frøplantane; embryo omgitt av beskyttande frøskal.

  • FRØEMNE: ovule; umodent frø som utviklar seg til eit modent frø etter befruktning. Omgitt av beskyttande lag som utviklar seg til frøskal når frøet modnar.

  • FRØKVITE: Sjå endosperm.

  • FRØPLANTE: landplante med leidningsvev ("kar") som formeirar/spreier seg med frø.

  • GAMET: kjønnscelle; haploid formeiringscelle som dannar ein zygote etter samansmelting med ein annan gamet (befruktning).

  • GAMETANGIUM: kjønnsorgan hos plantar; fleircella struktur som produserer gametar/kjønnsceller. Sjå anteridium og arkegonium.

  • GAMETOFYTT: kjønnsplante; haploid stadium/fase hos plantar med generasjonsveksling. Produserer gametar/kjønnsceller ved mitose.

  • GENERASJONSVEKSLING: haplodiplontisk livssyklus; livssyklus som vekslar regelmessig mellom ein fleircella diploid sporofytt som produserer sporar, og ein fleircella haploid gametofytt som produserer gametar. Den kjønna formeiringa hos alle landplantar og somme algar.

  • GRIFFEL: den øvre og smale delen av fruktemnet som bind saman arret og fruktknuten.

  • HAPLODIPLONTISK LIVSSYKLUS: Sjå generasjonsveksling.

  • HAPLOID: celler eller individ med eitt av kvart kromosom.

  • HAPLONTISK LIVSSYKLUS: livssyklus der det haploide stadiet er det einaste fleircella stadiet. Zygoten utgjer den einaste diploide cella. Finst hos somme algar.

  • HETEROMORF GENERASJONSVEKSLING: generasjonsveksling der dei to stadia, sporofytten og gametofytten, ser forskjellige ut. Finst hos alle landplantar og somme algar. Jamfør isomorf generasjonsveksling.

  • HETEROSPORI: produksjon av to typar sporar: mikrosporar som spirer til hanngametofyttar, og makrosporar som spirer til hogametofyttar. Finst hos frøplantar (og nokre få karsporeplantar). Jamfør homospori.

  • HOMOSPORI: produksjon av berre éin type spore som spirer til gametofyttar med både holege og hannlege gametangium/kjønnsorgan. Jamfør heterospori.

  • ISOGAMI: gametane/kjønnscellene ser like ut. Finst hos ein del algar. Jamfør anisogami.

  • ISOMORF GENERASJONSVEKSLING: generasjonsveksling der dei to stadia, sporofytten og gametofytten, ser like ut. Finst hos enkelte algar. Jamfør heteromorf generasjonsveksling.

  • KAPSEL: hos mosar: sjå sporehus; hos frøplantar: tørr frukt som opnar seg og slepper frøa ut mens ho sit på morplanten.

  • KARSPOREPLANTE: landplante med leidningsvev ("kar") som formeirar og spreier seg med sporar.

  • KIMSEKK: embryosekk; holeg gametofytt hos frøplantane. Er redusert til nokre få celler og ligg inne i frøemnet.

  • KJØNNSCELLE: Sjå gamet.

  • KJØNNSORGAN: Sjå gametangium.

  • KJØNNSPLANTE: Sjå gametofytt.

  • KONGLE: holeg organ ("blome") hos dei nakenfrøa plantane. Blir vanlegvis vedaktig når frøemna modnar.

  • LANDPLANTE: embryofytt; plante som gir vern og næring til det veksande embryoet; den umodne sporofytten er omgitt av ein fleircella struktur. Finst hos mosar, karsporeplantar og frøplantar.

  • MAKROSPORE: holeg spore; spirer til ein holeg gametofytt.

  • MEIOSE: reduksjonsdeling; celledeling der talet på kromosom blir halvert. (Dette kallar vi òg kjønnscelledeling når vi snakkar om dei fleste dyr, men det er misvisande for plantar som har eit haploid fleircella stadium før kjønnscellene blir danna og befruktninga skjer).

  • MIKROSPORE: hannleg spore; spirer til ein hannleg gametofytt.

  • MITOSE: vekstdeling; celledeling der DNA-et blir kopiert og talet på kromosom held seg konstant.

  • MONOIK: Sjå sambu.

  • MOSE: enkel landplante som manglar ekte leidningsvev og røter, og som formeirar og spreier seg med sporar.

  • NAKENFRØA PLANTE: frøplante der frøemnet ikkje er verna av fruktblad. Bartre er eit velkjent eksempel. Ginkgo og konglepalmar høyrer til andre grupper nakenfrøa plantar.

  • OOGAMI: ein type anisogami der den eine gameten/kjønnscella er liten og rørleg (hannleg gamet = sædcelle), mens den andre er stor og urørleg (holeg gamet = eggcelle). Finst hos landplantar og mange dyr.

  • OVULE: Sjå frøemne.

  • PLANTE: omgrep som nokre gonger blir brukt synonymt med landplante. Andre gonger inkluderer vi òg andre organismar med klorofyll a og b som driv fotosyntese, for eksempel algar.

  • POLLEN (pollenkorn): mikrospore; spirer til ein hannleg gametofytt hos frøplantane. Består berre av nokre få celler.

  • POLLENBERER: den hannlege delen av ein blome som produserer pollen. Oftast delt i pollenknapp og pollentråd.

  • POLLENSLANGE: hannleg gametofytt; spirande del av pollenkorn som overleverer hannlege gametar/kjønnsceller til frøemnet/ovulen.

  • POLLINERING: overføring av pollen frå hannleg til holeg organ innan ein art.

  • REDUKSJONSDELING: Sjå meiose.

  • SAMBU: monoik; ho- og hannblomar sit på same plante (alltid tilfellet dersom blomen er tokjønna med ho- og hannorgan i same blome). Jamfør særbu.

  • SORUS (fleirtal SORI): Sjå sporehushop.

  • SPORANGIUM: Sjå sporehus.

  • SPORE: ukjønna formeirings- og spreiingseining hos plantar som ikkje er eit resultat av befruktning. Er hos landplantar eit resultat av meiose, men kan òg komme frå mitotiske delingar.

  • SPOREHUS: sporangium; sporeproduserande del/organ hos ein sporofytt.

  • SPOREHUSHOP: sorus; samling av sporehus/sporangier hos bregneplantar.

  • SPOREPLANTE: Sjå sporofytt.

  • SPOROFYLL: blad som ber sporehus/sporangium, eksempelvis bregnar. Holeg sporofyll (altså blad med sporehus som produserer makrosporar som spirer til makrogametofyttar) blir kalla makrofyll. Sjå fruktblad òg. Hannleg sporofyll (altså blad med sporehus som produserer mikrosporar som spirer til mikrogametofyttar) kallar vi mikrofyll. Sjå pollenberar òg.

  • SPOROFYTT: sporeplante; diploid stadium/fase hos plantar med generasjonsveksling. Produserer haploide sporar ved meiose. Resultat av befruktning.

  • STROBILUS: aksforma stand med sporehus/sporangium hos kråkefotplantar.

  • SÆDCELLE: hannleg (rørleg) gamet (kjønnscelle).

  • SÆRBU: dioik; ho- og hannblomar sit på ulike plantar. Jamfør sambu.

  • VEKSTDELING: Sjå mitose.

  • ZYGOTE: diploid celle danna ved befruktning. Utviklar seg oftast til eit vakse diploid individ via gjentekne mitosar, men kan nokre gonger gjennomgå meiose direkte og gi haploide celler/individ.

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter