Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
  5. Oversikt over frukttyparChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Oversikt over frukttypar

Ei frukt er eitt eller fleire modne frø som har fruktblad (og nokre gonger andre organ) slutta kring seg. Frukta medverkar til spreiing og/eller vern av frøa. Tabellen viser ein forenkla versjon av botaniske definisjonar på frukttypar. I daglegtale, spesielt i samanheng med mat, er definisjonane knytte til bruken.

Flott og fargerik utstilling av svært mange typer frukt.
HOVUDTYPE DEFINISJON EKSEMPLER VARIASJONAR
TØRRE FRUKTER
kapselfruktei tørr frukt som oftast består av to eller fleire samanvaksne fruktblad som opnar seg på planten, ofte med mange frø. Blir delt inn i fleire typar etter kor mange fruktblad som inngår, og korleis kapselen opnar seg.


valmuar,
erteblomfamilien,
korsblomfamilien

En tørr, rund og brun frøkapsel.
Frukta til korsblomfamilien blir kalla ein skulpe og består av to fruktblad. Fruktene i soleie- og erteblomfamilien består av berre eitt fruktblad og blir kalla belg og belgkapsel (opnar seg høvesvis langs éin og to saumar).
nøttei tørr frukt med hardt skal, opnar seg ikkje på planten, men blir spreidd med frøet. Ofte med eitt enkelt frø. Blir gjerne brukt om større frukter.


eik, bøk, kastanje, hassel; spesialtypar innanfor m.a. gras- og korgplantefamilien

Mange hasselnøtter i en haug.
Ulike typar "smånøtter" finst i soleie- og korgplantefamilien (akenar), grasfamilien (karyopsis: frøskal og fruktvegg samanvaksne). Nokre nøtter har vengjer (samara).
spaltefruktei tørr frukt som sprekkjer opp i to eller fleire delfrukter, oftast med eitt frø i kvar. Delfruktene blir ikkje opna på planten.


lønn, plantar i skjermplantefamilien,
kattost

Lønnefrø. To og to frø med vinger henger sammen.
SAFTIGE FRUKTER
steinfruktei saftig frukt som ikkje opnar seg på planten, vanlegvis med eitt frø. Frøa er omgitte av eit hardt indre fruktvegglag (steinkjerne).


kirsebær, kokosnøtt, plomme, bringebær

To røde kirsebær med stilk.
I nokre tilfelle veks fleire steinfrukter frå same blomen saman (samfrukt), f.eks. bringebær.
bær

ei saftig frukt som ikkje opnar seg på planten, vanlegvis med fleire frø.

Frøa er ikkje omgitte av eit hardt indre fruktvegglag.


tomat, banan, tyttebær, kiwi, sitrusfrukter, druer

Fire røde tomater.
I graskarfamilien finn vi "panserbær" der den ytre delen av fruktveggen er lêraktig.
hjelpefruktfrukter der andre delar enn sjølve fruktknuten (ofte blomebotnen) inngår, blir òg kalla "falske frukter". Eksempla her er saftige.


typisk for delar av rosefamilien: eple, rognebær, nype, jordbær

Fire røde epler.foto.
Eple blir òg kalla kjernefrukt eller bæreple. Blomebotnen veks saman med fruktblada og sluttar seg kring kjernehuset med frøa. Jordbæret er ein oppsvulma blomebotn der frøa sit utanpå som smånøtter.

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter