1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
  5. Tilpassingar til frøspreiingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilpassingar til frøspreiing

Eit frø ber med seg eit nytt liv. Plantar er oftast fastsitjande, så frøet er derfor den moglegheita planten har til å etablere seg ein ny stad. Frø kan bli spreidde med vind, vatn og dyr. Det er nesten ingen grenser for kor oppfinnsame plantane har vore når det gjeld å sørgje for effektiv frøspreiing.

Løvetannfrø svever avgårde med vinden. Foto.
Løvetann er ein av plantane som spreier frøa sine med vinden ved hjelp dunaktige fnokk.

Spreiingseining

Nærbilete av frø hos barlind. Foto.
Sidan barlind er nakenfrøa, manglar ho frukt. Kjøttfulle og fargerike utvekstar frå frøskalet er tilpassing til fuglespreiing.

Dei dekkfrøa plantane har mange ulike frukttypar. Nokre frukter blir spreidde saman med frøet (nøtter og bær), medan andre frukter opnar seg på planten og slepper frøa ut (ulike tørre kapsel- og belgfrukter). Spreiingseininga kan altså vere berre frøet, eller frukta og frøet saman. I andre tilfelle er det ein del av ei frukt som blir spreidd, som hos lønn.

Vindspreiing

Mange plantar har små og lette frø tilpassa vindspreiing. Nokre er utstyrte med venger som kan vere luftfylte. Mange tre, inkludert bartre som gran og furu, har vindspreidde frø. Løvetann er eit anna velkjent døme.

Dyrespreiing

Mange frø ligg i kjøttfulle frukter som kan etast, og som trekkjer til seg dyr, ofte fuglar. Frøa går uskadde gjennom fugletarmen og kan bli spreidde over nokså lange avstandar. I andre tilfelle blir frøa spreidde utanpå dyr ved at fruktene har krokar eller piggar som festar seg i pelsen og heng med som "blindpassasjerar".

Sidensvans og storborre. Foto.
Fuglar likar smaken av bær og sørgjer for at frøa blir spreidde omkring, medan storborre spreier frøa ved at fruktene har krokar som festar seg i pelsen hos dyr.

Vasspreiing

Gul nøkkerose. Foto.
Gul nøkkerose har frukter som lett flyt på vatnet og spreier frøa på den måten.

Vassplantar har ofte frø eller frukter som blir spreidde med vatn. Gul nøkkerose har båtforma frukter som lett flyt på vatnet, mens frøa hos kvit nøkkerose er omgitte av luftfylt vev.

Kokospalmen veks nær havet i tropiske strøk, og dei tunge fruktene blir spreidde med havstraumar. Kokosnøtta har eit ytre vasstett lag etterfølgd av eit luftfylt lag utanpå frøet og kan tole lange opphald i vatn. Kokosnøtta blir spreidd over lange distansar og skal vere funnen spreidd med havstraumar heilt til strender i Noreg!

Eksplosiv spreiing

Dei kulaste plantane sørgjer for spreiinga heilt sjølve. Slike frukter byggjer opp ei spenning med safttrykk eller uttørking. Til slutt vil trykket løysast ut ved berøring eller fordi spenninga har nådd ei grense. Frøa kan bli slengde fleire meter av garde ved at frukta eksploderer som hos springfrø (Impatiens sp), eller ved at delar av fruktblada raskt krøllar seg tilbake som hos storkenebb (Geranium sp.).

Video som viser frøspreiing ved at frukten eksploderer

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter