1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
  5. Tilpassingar til pollineringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilpassingar til pollinering

Formeiringa hos frøplantane er uavhengig av vatn. Dette har opna opp for eit vell av moglegheiter for spreiing av pollen, ved hjelp av både vind og insekt. Ei lang rekkje fascinerande tilpassingar har utvikla seg. Suksessen hos og mangfaldet til blomeplantane heng særleg saman med desse tilpassingane.

Humle på løvetann. Foto

Pollinering og befruktning

Blomst hos kaktus. Foto.
Pollen blir overført til arret.

Pollinering er overføring av pollen frå pollenknapp til arr hos dei dekkfrøa plantane og direkte til frøemnet hos dei nakenfrøa plantane. Befruktning skjer først dersom pollenet spirer slik at sædcella kan passere gjennom pollenslangen til eggcella inne i frøemnet.

Sjølvpollinering og krysspollinering

Vindpollinerte rakletrær - hengebjørk. Foto.
Hos klokkesøte blir pollenet spreidd før arret blir modent. Dette er ein strategi for å hindre sjølvpollinering.

Pollenoverføring frå pollenknapp til arr i same blomen kallar vi sjølvpollinering. Pollenoverføring mellom blomar frå ulike plantar av same arten kallar vi krysspollinering. Sjølvpollinering er betre enn inga pollinering, men kan føre til innavl og redusert genetisk variasjon.

Mange plantar har derfor utvikla tilpassingar for å unngå sjølvpollinering:

  • Dei har einkjønna blomar.
  • Pollenknappar og arr modnar til ulik tid.
  • Pollenknappar og arr er plasserte slik at dei ikkje kjem så lett i kontakt.
  • Dei har sjølvsterilitet (eige pollen blir kjemisk hemma slik at det ikkje spirer).

Vindpollinering

Rakler av osp. Foto.
Rakler hos osp er en tilpasning for å spre pollen med vinden.

Vindpollinerte plantar har ofte arr som klistrar seg. Blomane på desse er gjerne små, lite iaugefallande og samla i opne blomestandar som beveger seg lett i vinden. Blomane har ikkje nektar eller duft, og dei produserer store mengder pollen. Rakletre (bjørk og hassel), bartre, gras og grasliknande vekstar i tillegg til urter i nesle-, melde- og syrefamilien er vindpollinerte.

Dyrepollinering

Fuglepollinert plante med hjelperen kolibri. Foto.
Fuglepollinering er viktig i tropiske område, og fuglepollinerte plantar har ofte kraftige fargar i raudt eller oransje. Denne kolibrien er på jakt etter nektar.

Fuglar, flaggermus og andre små pattedyr kan pollinere plantar, men insekta er i ein klasse for seg. Plantar og pollinatorar har gjensidig tilpassa seg kvarandre. Slik koevolusjon er ansvarleg for mykje av blomevariasjonen vi kan glede oss over. Plantane reklamerer med lukt eller farge og lønnar pollinatorane med næring i form av nektar og pollen eller ly i arktisk-alpine område.

Les meir om koevolusjon hos Store norske leksikon, snl.no.

Spesialisering mellom blom og pollinator

Nokre blomar er spesialtilpassa éin bestemt type pollinator, medan andre tiltrekkjer seg likt og ulikt. Billene er kjende for å være trulause og for å drive med "søle-og-rote"-pollinering. Bier, humler og særleg sommarfuglar er meir spesifikke, og pollinering ved hjelp av desse resulterer derfor oftare i ei vellykka befruktning.

Plantar som er avhengige av ein bestemt pollinator for å formeire seg, er sårbare. Dersom pollinatoren forsvinn, vil òg planten stå i fare for å døy ut.

Brighamia insignis. Foto.

Brighamia insignis veks på Hawaii og er ein sterkt trua art i klokkefamilien. Han har koevolvert svært tett med ein no antakeleg utdøydd svermar og treng kunstig pollinering for å formeire seg.

Forførande feller

Fruesko. Foto.
Fruesko.

Nokre gonger blir insektet lokka til ein blom som faktisk ikkje har noka lønn å tilby.

Flugeblom imiterer hoene hos gravveps og skil ut luktstoff som trekkjer til seg hannane. Hoene klekkjer nokre veker seinare enn hannane, og flugeblomen blømer akkurat i denne perioden. Hannane prøver å pare seg med blomen, men dei oppnår berre å ta med seg pollen til neste blom dei prøver seg på.

Blomane hos nokre artar er laga om til feller. Insekt som hamnar i fella, kjem ikkje ut same vegen og må ofte presse seg forbi arret i blomen. På denne måten legg dei frå seg pollen frå tidlegare besøk.

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter