Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos karsporeplantar"

Ved å gjere desse refleksjonsoppgåvene får du arbeidd med lærestoffet om formeiringa hos karsporeplantar. Oppgåvene oppfordrar til heilskapleg tenking, slik at du kan få ei forståing av utviklinga som har skjedd, og oversikt over korleis ulike karsporeplantar er tilpassa forskjellige miljø.

  1. Sporehus hos snelle. Foto.
    Sporehus hos snelle
    Nokre sneller har to ulike typar skot: brune vårskot og grøne sommarskot. Vårskota har sporehus og driv ikkje fotosyntese, mens sommarskota manglar sporehus og driv fotosyntese. Dette gjeld til dømes åkersnelle, engsnelle og skogsnelle. Kva trur du poenget kan vere med dette?

  2. Kva slags likskapar og ulikskapar ser du i generasjonsvekslinga hos karsporeplantar samanlikna med mosar og frøplantar?

  3. Karsporeplantane har stor variasjon i plasseringa av sporehus. Kan du gi nokre døme?

  4. Slekta lusegras kan ha både kjønna (generasjonsveksling) og ukjønna (yngleknoppar) formeiring. I Noreg har vi artane lusegras, fjell-lusegras og polarlusegras. Lusegras veks i skog og myr opp til fjellskogen, fjell-lusegras veks i fjell og åstrakter, og polarlusegras veks hovudsakleg på Svalbard. Kva for ein av desse trur du alltid har yngleknoppar, og kva for ein trur du alltid har sporehus? Korleis tenkjer du?

  5. Forhistorisk bregneskog. Illustrasjon.
    Forhistorisk bregneskog.
    I tidsperioden karbon (ca. 360–300 millionar år sidan) fanst det heile skogar med bregnar og sneller, og enkelte artar nådde ei høgd på over 40 meter. Det finst framleis storvaksne artar. Kvifor trur du at dei aller fleste i denne plantegruppa i dag er såpass beskjedne i storleik og biomasse?

  6. Følgjande sitat er henta frå emnet "Ukjønnet formering" på Wikipedia: "En annen viktig form for ukjønnet formering er ved hjelp av sporer, som forekommer hos mange encellede arter samt karsporeplanter og sopper." Reagerer du på noko i denne framstillinga? Er det riktig å seie at sporane hos karsporeplanten er ei form for ukjønna formeiring? Grunngi svaret ditt. Kvifor trur du det er formulert slik?

  7. Kvifor kan karsporeplantar produsere mange gonger fleire sporar enn mosane? Kva slags fordelar trur du dette kan ha?

  8. Kvifor kan karsporeplantar produsere mange gonger fleire sporar enn mosane? Kva slags fordelar trur du dette kan ha?

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter