Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos plantar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos plantar"

Ved å jobbe med desse oppgåvene vil du forstå betre kva slags utfordringar plantane møtte då dei erobra landjorda. Du vil òg få eit betre grunnlag for å forstå korleis dei ulike plantegruppene har løyst utfordringar spesielt knytte til formeiring på land.

  1. Kva slags utfordringar møtte plantane då dei erobra landjorda?

  2. To sentrale hendingar markerer overgangen mellom sporofytt- og gametofyttgenerasjonen hos plantar. Kva for hendingar er det?

  3. Gametane (kjønnscellene) hos plantane blir danna ved mitose. Korleis blir kjønnsceller danna hos menneska og dei fleste dyra som ikkje har generasjonsveksling?

  4. Kva slags fordelar trur du plantar som tilpassa seg landlivet fekk?

  5. Tyttebær. Foto.
    Tyttebær
    Mange landplantar har eit voksaktig ytre lag som blir kalla kutikula. Kva slags funksjon trur du dette har?

  6. Kva for forskjellar og likskapar er det mellom sporar og kjønnsceller?

  7. Kvar blir zygoten laga hos dei fleste algar, og kvar blir zygoten danna hos landplantane? Kva er eit embryo?

  8. Kva fordelar kan plantar ha av ukjønna formeiring? Kjenner du nokre døme?

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter