Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Generelt om formeiring hos plantar

Plantane erobra landjorda for rundt 500 millionar år sidan. Overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land baud på utfordringar mellom anna knytte til formeiring. Den kjønna formeiringa har gradvis har gjort seg uavhengig av vatn.

Kva er ei plante?

Alger under vann. Foto.
Brunalger og rødalger i fjæresonen.

Omgrepet "plantar" er litt upresist. Ofte blir det brukt om organismar med klorofyll a og b og omfattar då alle landplantane og grønalgane. "Plantar" kan òg inkludere raudalgane og brunalgane med mindre det blir presisert at det er grøne plantar som er omtalte. Raudalgar og brunalgar har òg klorofyll, men inneheld i tillegg andre fargepigment som overkøyrer det grøne klorofyllet.

Somme gonger blir alle dei grøne plantane rekna med i "planteriket", og andre gonger blir "planteriket" brukt berre om landplantane (mosane og karplantane), som òg blir kalla embryofyttar.

Embryofyttar

Tversnitt av frø som viser embroyet. Foto.

Landplantar har, i motsetnad til dei fleste algar, beskyttande strukturar rundt både kjønnsceller og zygote. Den umogne planten, embryoet, får vern og næring tidleg i utviklinga. Landplantane blir derfor òg kalla embryofyttar.

Kjønna formeiring

Kjønna formeiring hos dei fleste algar og alle landplantar vekslar i løpet av livssyklusen mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og ein fleircella haploid fase (gametofytt). Dette fenomenet blir kalla .

Reduksjon av gametofyttstadiet

Hos mange grønalgar er sporofytten og gametofytten likeverdige. Gametofytten dominerer livssyklusen til mosane, mens gametofytten hos karsporeplantane er liten og kortliva. Gametofytten hos frøplantane er endå meir redusert, til ein usjølvstendig fåcella fase innkapsla i sporofytten.

Reduksjonen av gametofyttstadiet har skjedd parallelt med at frøplantane i stadig større grad har blitt uavhengige av vatn og dermed har fått ei betre tilpassing til livet på land.

Avhengige av vatn

Rød torvmosetopp. Foto.
Alle mosar og karsporeplantar er avhengige av vatn under befruktninga.

Dei enklaste landplantane er avhengige av vatn for å gjennomføre livssyklusen fordi den hannlege kjønnscella må symje til den holege for at befruktninga skal kunne skje. Først når frøplantane utvikla pollen og frø, blei plantane heilt uavhengige av vatn ved formeiringa, og dei kunne etablere seg på stadig større og tørrare delar av landjorda.

Ukjønna formeiring

Mange plantar formeirar seg ukjønna (vegetativt); dei dannar altså avkom utan befruktning. Dette skjer mellom anna med yngleknoppar, grokorn, lausriving av fragment som etablerer seg som nye individ, og til og med frøsetjing utan befruktning.

Formeiring og spreiing

Sporehus hos Sisselrot. Foto.
Sporehus fra sisselrot

Vi seier at mosar og karsporeplantar "formeirar" seg med sporar, mens frøplantane "formeirar" seg med frø. Dette er forenkla og upresist. Den kjønna formeiringa hos alle landplantar skjer med både sporar og gametar, mens det er spreiinga frå morplanten som er med høvesvis sporar og frø.

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter