Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos plantarChevronRight
  5. Formeiring hos algarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos algar

Algar er fotosyntetiserande organismar som hovudsakleg lever i vatn. Dei kan formeire seg ukjønna ved celledeling eller fragmentering. Vi finn alle former for kjønna formeiring hos dei fleircella algane, inkludert generasjonsveksling som landplantane har. Formeiringa til algane dannar derfor eit viktig grunnlag for å forstå overgangen til eit liv på land.

Formeiring hos algar

Nokre algar er eincella og formeirar seg ukjønna ved celledeling. Dei større fleircella algane kan formeire seg ukjønna ved fragmentering av plantedelar.

Den kjønna formeiringa hos algane viser stor variasjon. Nokre algar er haploide mesteparten av livssyklusen med zygoten som det einaste diploide stadiet (haplontisk livssyklus). Andre er diploide mesteparten av livssyklusen med kjønnscellene som det einaste haploide stadiet (diplontisk livssyklus).

Dei aller fleste algane har derimot generasjonsveksling der dei vekslar mellom ein diploid og ein haploid fleircella fase. Denne typen kjønna formeiring finn vi igjen hos alle landplantane.

Generasjonsveksling hos havsalat

Hos grønalgen havsalat ser sporofytten og gametofytten like ut (isomorf generasjonsveksling). Sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Desse veks til gametofyttar som produserer gametar ved mitose. Både sporar og gametar kan bevege seg. Gametane ser like ut (), men dei må vere frå ulike individ for å gi ei vellykka befruktning. Den diploide zygoten veks til ein diploid sporofytt.

Generasjonsveksling hos sukkertare

Sukkertare. Foto.
Sporofytten hos sukkertare.

Hos sukkertare ser sporofytten og gametofytten forskjellige ut (heteromorf generasjonsveksling). Gametofytten er redusert i forhold til sporofytten. Dette er òg trekk vi ser i utviklinga til landplantane.

Kjønnscellene hos sukkertare er ulike (): Den eine manglar flagellar, kan ikkje bevege seg og er stor (eggcelle), mens den andre kan bevege seg og er lita (sædcelle). Dette systemet finn vi igjen hos landplantane og dei fleste dyr. Sukkertare har eigne hann- og hoplantar (særbu) og kjønnsorgan som til ein viss grad vernar gametane og zygoten.

Kransalgane

Kransalge. Foto.
Den einaste diploide fasen hos kransalgane er zygoten.

Kransalgane er ei gruppe grønalgar som er nærmare i slekt med landplantane enn det dei andre grønalgane er. Forløparen til landplantane var truleg ein primitiv kransalge som levde i eit akvatisk miljø med seleksjon for å tole periodevis uttørking.

I livssyklusen til kransalgane er det einaste diploide stadiet zygoten (haplontisk livssyklus). Zygoten går rett i meiose og dannar haploide sporar som veks opp til ein fleircella haploid gametofytt, den synlege kransalgen. Kransalgane dannar fleircella kjønnsorgan og har, i likskap med sukkertaren, kjønnsceller med ulik storleik og rørsleevne.

Avhengige av vatn

Algane lever i hovudsak i vatn og er avhengige av vatn gjennom heile livsløpet. Gametane må oftast symje for å finne kvarandre, og kjønnsorgan og zygote manglar vanlegvis vernande vev. Enkelte brunalgar og kransalgane er unntak.

Læringsressursar

Formeiring hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter