Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Åtferd hos dyrChevronRight
  5. Å leve i gruppeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å leve i gruppe

Hos mange dyreartar er det vanleg å leve saman i grupper. Nokre lever saman som gruppe heile tida, men mange artar lever saman berre under hekkinga eller når dei sankar mat. Hadde det ikkje vore betre å leve åleine enn å måtte dele ressursane med så mange andre? Kva slags fordelar og ulemper kan gruppeåtferd ha?

Ulveflokk. Foto.

Å leve i gruppe

Hos enkelte dyreartar finn ein grupper der fleire individ av same art lever saman. I ei slik gruppe vil det alltid finnast både samarbeid, samhandlingar og konfliktar.

Å leve saman i ei gruppe må gjennom evolusjonshistoria ha vore fordelaktig, sidan denne åtferda framleis eksisterer og er vanleg.

For at ei gruppeåtferd skal ha utvikla seg ved evolusjon, må gevinstane ved åtferda vere større enn kostnadane, og eigenskapen må vere arveleg.

Gevinstar ved å leve i gruppe

Fordelane ved å leve i gruppe er i hovudsak at ein kan forsvare seg betre, og at det aukar sannsynet for å finne eller fange mat.

Forsvar mot fiendar

Farar blir oppdaga mykje tidlegare med fleire auge som held vakt og passar på. Det kan òg vere slik at flokken sender ut ein "speidar" som held vakt mens dei andre for eksempel samlar mat. Denne "speidaren" vil sende ut eit alarmsignal dersom han oppdagar fare.

Forsvaret ved direkte angrep blir òg sterkare dersom individa står samla. Hos moskus og afrikansk bøffel er det ikkje uvanleg at dei vaksne individa samlar seg i ein ring rundt kalvane for å verne dei.

Delfin på jakt etter makrell. Foto.
Delfin jaktar makrell. Makrellstimen gjer ein forsvarsmanøver som gjer det vanskeleg for predatoren å plukke ut eit bytte.

Utveljing og forvirring kan òg vere årsaker til at dyr samlar seg i flokkar. Ei løve kan berre drepe éin gnu per angrep, og viss gnuane lever i flokk, er det god sjanse for at andre enn "deg sjølv" blir bytte. Ved å vere mange kan det òg vere forvirrande for ein predator å skulle plukke ut eit bytte. Pingvinane stuper ofte ut i vatnet i flokk, både for å minske sjansen for å vere den som blir fanga, men òg for at det kan bli vanskelegere for leopardselen å plukke ut og bestemme seg for eit bytte.

Finne og fange bytte

Grupper kan fungere som informasjonssenter der ein får opplysningar om gode stader for å finne mat. Kven som er informator, kan variere frå dag til dag.

Flere løver som samarbeider om å felle en bøffel. Foto.

Ved å jakte saman kan ei gruppe felle bytter som er større eller raskare enn kva dei sjølve er. Løver samarbeider som gruppe for å kunne fange og drepe ein bøffel. Dette klarer dei ikkje åleine sidan bøffelen er såpass mykje større. Løvene samarbeider òg ofte om omsorga til avkomma. Ulvar samarbeider ofte for å jakte og felle elg.

Spare energi

Varmblodige dyr sparer energi ved å vere nært inntil kvarandre. Flaggermus som søv tett saman med andre, bruker mindre energi til å halde på varmen enn dei som heng åleine. Trekkfuglar flyg ofte i plogformasjon for å minske luftmotstanden og slik spare energi.

Kostnadar ved å leve i gruppe

Å leve i gruppe fører til at ein blir meir synleg, og til auka konkurranse om ressursane internt i gruppa. Desse kostnadane må vere mindre enn gevinsten for at det skal lønne seg å leve i gruppe.

Meir synleg og meir konkurranse om ressursane

En flokk med afrikanske villhunder som spiser på sitt bytte. Foto.
Auka jaktsuksess hos villhundane vil ikkje nødvendigvis kompensere for det å måtte dele viss flokken er for stor.

Det er lettare å bli oppdaga når fleire dyr er samla, enn viss ein er åleine. Fleire i ei gruppe vil òg kunne medføre større konkurranse om ressursane. Dette kan igjen føre til aggressiv åtferd med fare for skadar og at mengda ressurser per individ blir redusert.

Sjansen for å bli bedradd kan òg auke i ein flokk. Det er ikkje sikkert at dei barna som dei vaksne dyra gir omsorg og pleie til, er dei barna som er deira eigne.

Stress og sjukdom

Parasitt som lever på klippesvale. Foto.
Å hekke i koloni kan òg ha negative konsekvensar. Klippesvaler som lever tett saman i store koloniar, er meir utsette for å bli infiserte av parasittar, som den blodsugande [i]Oeciacus vicarius[/i].

Å leve i større grupper kan medføre stress, som igjen kan påverke helsetilstanden til det enkelte individet. Sjukdommar og parasittar vil òg kunne spreie seg lettare når individa lever så tett innpå kvarandre. Innavl er eit anna problem som kan oppstå i ein flokk dersom alle i flokken er nært i slekt, og der det ikkje kjem inn "nytt blod". Innavl fører til redusert genetisk variasjon, som igjen gir auka risiko for enkelte sjukdommar.

Storleiken på ei gruppe kan vere eit resultat av eit kompromiss mellom desse gevinstane og kostnadane. For å måle til ei åtferd ser ein ofte på kor mykje tid som blir brukt til fødeopptak i forhold til tida som blir brukt på forsvar, slåssing og speiding etter fiendar.

Læringsressursar

Åtferd hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Blåfotsuler i parringsdans

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Albatrosser i paringsdans

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Lyset styrer åtferda

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff