Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Åtferd hos dyrChevronRight
  5. Åtferd hos dyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Åtferd hos dyr

Kva er det som gjer at dyr gjer det "rette" til rett tid? Kva slags faktorar i omgivnadane stimulerer til den bestemte åtferda? Er det miljøet eller gena som styrer åtferda? Nøkkelen til evolusjonær suksess er å ha ei åtferd som aukar sjansen for å overleve og sikre tilgangen på partnarar, slik at ein får avkom som fører eigenskapane vidare.

Flyvende fugl med oppblåst strupe. Foto.
Flygande fregattfugl med oppblåsen strupe.

Åtferd og tilpassing

Karikatur av Konrad Lorenz. Illustrasjon.
Konrad Lorenz (1903–1989) blir rekna som ein av grunnleggjarane av etologi. Han var spesielt oppteken av instinkt og korleis dyr gir ein respons på eitt bestemt stimuli (preging).

Åtferd hos dyr er noko som menneska har vore opptekne av i tusenvis av år. Det var viktig å skaffe seg kunnskap om dyreåtferd for å få utnytta miljøet rundt seg på ein føremålstenleg måte, for eksempel for å bli betre til å jakte og temme dyr til husdyrhald. I tillegg har vi nok òg vore drivne av rein nysgjerrigheit. Kunnskapsbehovet har auka med tida, og dette har ført til eigne fagdisiplinar innan biologien. Etologi er studiet av åtferda til dyra i det naturlege miljøet deira (nokre gonger i laboratorium under kontrollerte forhold).

Kva vil det seie å studere åtferd?

Det handlar om å sjå på korleis dyr oppfører seg og handlar, kvifor dei gjer som dei gjer, kva for mekanismar som ligg bak desse åtferdene, og kva som utløyser responsen. Alle typar åtferd blir utløyste av ei eller anna form for stimulering.

Dyr har eit breitt spekter av åtferder tilpassa mange ulike situasjonar. Det kan vere åtferd som gjer at dei unngår å bli etne, åtferd som aukar sjansen for å få ein partnar, og åtferd som aukar sjansen for å skaffe seg mat.

Rødnebbterne som flyr mot den blå himmelen.
Fugletrekk er ein respons på endringar i tilgangen på mat, habitat, vêr og kor mange timar det er dagslys. Raudnebbterna har den lengste migrasjonsruta i verda. Ho flyr frå Arktis til Antarktis og tilbake igjen i løpet av eit år. Ingen andre organismar opplever så mange timar med dagslys gjennom året som det raudnebbterna gjer, sidan ho har dagslys heile døgnet både når ho er i Arktis og i Antarktis.

I eit evolusjonært perspektiv vil åtferd utvikle seg ved naturleg seleksjon dersom

  • det er variasjon i åtferda hos dei ulike individa
  • åtferda er arveleg
  • det er skilnader i " " mellom ulike åtferder

Fitness vil seie at naturleg seleksjon favoriserer åtferd som aukar evna til å overleve og reprodusere (få avkom). Dette gjer at åtferda vil bli selektert og nedarva til dei kommande generasjonane.

Genetikk eller miljø

Historisk sett har det vore vanleg å skilje mellom og tillært åtferd. Før oppfatta ein det slik at instinkt var under genetisk kontroll, mens lært åtferd var bestemt av miljøet.

Etter kvart har det blitt klart at det er ein genetisk og miljømessig komponent ved all åtferd, sidan evna til å lære i seg sjølv blir nedarva. Åtferd kjem av eit samspel mellom arv og miljø. All åtferd ligg derfor ein stad mellom instinkt og miljø og er aldri berre det eine eller det andre.

Kva, korleis og kvifor?

Blåstrupe som synger
Blåstrupe som syng.

Når ein studerer åtferda til dyra, er det to typar problemstillingar ein vurderer: proksimate og ultimate problemstillingar.

Proksimate problemstillingar er knytte til mekanismane som gjer ei gitt åtferd mogleg (kva- og korleis-spørsmål), og omfattar òg individuell variasjon i åtferda.

Døme: Korleis kan fuglesong bli forklart ut i frå hormon, daglengd, muskel- og nervesystem?

Dei ultimate problemstillingane handlar om den evolusjonære historia bak åtferda og årsaka til denne. Ein studerer då prosessar i populasjonane som igjen kan fortelje noko om kvifor (kvifor-spørsmål) ulike artar har ulik åtferd.

Døme: Kvifor syng fuglane om våren?

Læringsressursar

Åtferd hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Blåfotsuler i parringsdans

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Albatrosser i paringsdans

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Lyset styrer åtferda

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff