Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Tilpassingar hos plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar til veksestad"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar til veksestad"

Ein veksestad kan beskrivast ved hjelp av mange faktorar. Desse oppgåvene vil gi deg trening i å forstå korleis ulike faktorar verkar saman og dannar ulike veksestader. Du skal kunne gi døme på tilpassingar plantar har til ulike miljø, og du skal òg kunne reflektere over kvifor plantar i det same miljøet kan ha litt ulike tilpassingar.

Siv og gul nøkkerose i vannet. Foto.
  1. Miljøforholda på fjellet er på ingen måte einsarta. Vi kan sjå stor variasjon i miljøvilkår innanfor eit lite område. Eit område med rabbar og snøleie kan innehalde både vindutsette, snøfrie, tørre rabbar og fuktige snøleie der snøen ligg ekstra lenge. Korleis trur du desse variasjonane påverkar plantesamansetnaden og tilpassingane plantane gjer?

  2. Kva for nokre karaktertrekk ved fjellplantane kan ein sjå på som tilpassingar både til frost, uttørking og vindeksponering?

  3. Nokre fjellplantar beheld gamle, daude bladrestar utanpå friske blad og skot. Trur du dette kan vere ei tilpassing til noko – og i så fall til kva?

  4. Fjellblomsten bleikmyrklegg. Foto.
    Bleikmyrklegg er ein av mange fjellplantar som kan veksle mellom sjølvpollinering og krysspollinering.
    "Sjølvpollinering er betre enn inga pollinering" ser ut til å vere eit motto for mange fjellplantar. Kva trur du er meint med dette?


  5. Både fjellplantar og ørkenplantar har problem med tørke. Dei ser likevel nokså forskjellige ut. Kva trur du grunnen til det er?

  6. Ørkenplantar og saltplantar viser ofte mange likskapstrekk når det gjeld tilpassingar. Kva er årsaka til dette?

  7. Den lille frittflytende planten andemat tett i tett. Foto.
    Den frittflytande planten andemat.
    Det finst mange ulike vassplantar. Nokre er frittflytande, mens andre er fest med røter i botnen av vatnet. Har du døme på vassplantar som høyrer til slike grupper? Kva for nokre forskjellar i tilpassingar trur du vi finn hos desse?

  8. Nokre vassplantar har både flyteblad som ligg i vassoverflata, og undervassblad som er fullstendig nedsokne i vatn. Slike blad ser ofte svært forskjellige ut. Kva for trekk finn vi hos desse blada, og kvifor?

  9. Kvar trur du spalteopningane på overflateblada til ein vassplante sit? Grunngi svaret!

  10. Flytebladplanten tjønnaks hvor bladene flyter på vannoverflaten.Foto.
    Tjørnaks ([i]Potamogeton natans[/i]) er ein flytebladplante der rota er fest til botnen, mens blada flyt på overflata.
    Kva for hovudfunksjon trur du røtene til fastsitjande vassplantar har?

  11. Skuggetilpassa blad har nokre likskapstrekk med undervassblada til vassplantar. Kva for trekk trur du dette er, og kva kan forklare dette?

  12. Hydrofyttar, halofyttar og xerofyttar er nemningar på ulike grupper plantar med eit sett spesialtilpassingar til eit bestemt miljø. Kjenner du til meir daglegdagse omgrep for desse?

  13. Nokre plantar er tilpassa tørke ved at dei unngår tørkestress, mens andre faktisk toler å tørke ut. Gi døme!

  14. Plantar både i fjellet, i ørkenen og i vatnet har ulike utfordringar knytte til ytre miljøfaktorar. Trur du det finst ein optimal levestad utan stress, og kvar er i så fall denne?

Læringsressursar

Tilpassingar hos plantar