Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Tilpassingar hos plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar til andre artar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar til andre artar"

Gjennom desse oppgåvene skal du få innsikt i ulike former for samliv mellom plantar og andre organismar, og i korleis samliv kan vere både til fordel og ulempe for planten. Du skal òg kunne forstå og gi døme på korleis artar er tilpassa kvarandre gjennom koevolusjon.

Kolibri som drikk av ein plante. Foto.
  1. Plantane si tilpassing til pollinatorar og frøspreiarar er ofte gjensidig og til fordel for begge partar. Kjenner du til døme på pollinering og frøspreiing som berre er fordelaktig for planten, og der den andre parten ikkje blir påverka noko særleg? Kva blir denne forma for samspel kalla?

  2. Kvelerfiken som har vokst seg rundt vertstreet. Foto.
    Kvelarfiken begynner som epifytt, men kan etter kvart slutte kring vertsplanten heilt, kvele han og overta plassen.
    Parasittisme er ein type interaksjon mellom artar som er fordelaktig for den eine og ufordelaktig – men ikkje nødvendigvis dødeleg – for den andre. Gi døme på plantar som er parasittar.

  3. Kva meiner vi med at det går føre seg eit evolusjonært våpenkappløp mellom planteetarar og plantar? Kven trur du vinn?

  4. "Whistling thorn", akasietreet som gir husrom til maur som beskyttar treet, er ein tornete busk. Burde ikkje tornane vere forsvar nok mot herbivorar? Har du noka forklaring på kvifor treet har andre forsvarsmekanismar i tillegg til tornane?

  5. Kvifor trur du plantar i erteblomfamilien ofte blir brukte som såkalla jordforbetrarar og blir planta i område med skrint jordsmonn, til dømes i vegskjeringar?

  6. Plantar kan innehalde ulike stoff som er giftige for enkelte planteetarar. Kva slags kortsiktige og langsiktige effektar trur du dette har på planteetarane?

  7. Tabaiba dulce -planten med giftig melk. Foto.
    Denne planten i vortemjølkfamilien skil ut giftig mjølkesaft når ein stengel eller eit blad blir brote av. Dette er eit vern mot beiting.
    Alkaloid er ei gruppe kjemiske stoff som hindrar beiting. Soleiefamilien og valmuefamilien er blant plantefamiliane som er spesielt rike på desse stoffa. Kjenner du til nokre artar i desse familiane som beitedyr held seg unna?

  8. Nokre plantar som blir angripne av insektlarvar, skil ut stoff som trekkjer til seg fiendane til insektlarven, såkalla livvaktvepsar. Kvifor trur du vepsen blir kalla ei livvakt? Kven er han livvakt for? Trur du dette er ei tilpassing frå vepsen eller planten si side?

  9. Sjå på oppgåva over. Kva kallar vi samlivet mellom følgjande partar, og kven er samlivet fordelaktig og ufordelaktig for?
    1. plante og veps
    2. insektlarve og veps
    3. plante og insektlarve

Læringsressursar

Tilpassingar hos plantar