Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Tilpassingar hos plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar til abiotiske faktorar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar til abiotiske faktorar"

Desse oppgåvene skal gi deg innsikt i kva for abiotiske faktorar som kan vere mangelvare for plantar, og korleis plantar har tilpassa seg slike forhold. Du skal òg kunne reflektere over kvifor plantar kan ha ulike tilpassingar til den same utfordringa.

  1. Det finst mange ulike trekk som kan tolkast som tilpassingar til tørke. Kvifor har ikkje plantar i eit slikt miljø alle desse tilpassingane?

  2. Myske som vokser i skyggen. Foto.
    Myske veks gjerne i skuggen på næringsrik jord i lauvskog.
    Plantar som veks i skugge og plantar som veks i sol har ofte blad som ser forskjellige ut. Kan du beskrive nokre typiske forskjellar? Forklar korleis dette kan vere tilpassingar til dei ulike miljøforholda. Er desse tilpassingane arvelege, trur du?

  3. På kva for måtar kan spalteopningane vere beskytta hos tørketilpassa blad, og kva er formålet med dette vernet?

  4. Samanlikn eit skuggetilpassa blad, eit tørketilpassa blad og eit flyteblad. Er det forskjellar i plassering og talet på spalteopningar? Forklar forskjellane.

  5. Kvifor har vi ingen eviggrøne lauvtre i Noreg, trur du?

  6. Grankvist dekt av snø. Foto.
    Bartre mister ikkje nålene om hausten. Kvifor ikkje?
    Dei viltveksande bartrea våre feller ikkje nålene om hausten. Korleis handterer dei tørkeproblematikken om vinteren?

  7. På kva slags måtar kan for mykje lys vere eit problem for plantar? Korleis har plantane tilpassa seg dette?

  8. Kva for forskjellar og likskapar ser du mellom mykorrhiza (sopprot) og nitrogen-fikserande bakteriar i rotknollar hos til dømes erteplantar?

  9. Trur du alle kjøttetande plantar veks i næringsfattige miljø? Kvifor/kvifor ikkje?

Læringsressursar

Tilpassingar hos plantar