Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Tilpassingar hos plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar hos plantar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar hos plantar"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å reflektere over kva ei tilpassing er, og kva slags generelle tilpassingar plantar har utvikla for eit liv på land. Du skal forstå forskjellen på arvelege og ikkje-arvelege tilpassingar og kunne gi døme på desse.

Den lave, hvite planten mogop som blomstrer tidlig i fjellet på våren. Foto.
  1. Gi døme på abiotiske og biotiske faktorar som du trur plantar må tilpasse seg i ulike miljø.

  2. Stengt spalteåpning. Foto.
    Er mengda av spalteopningar og plasseringa av desse lik hos alle plantar?
    Kva for generelle tilpassingar til landlivet kjenner du til hos følgjande landplantegrupper:
    1. mosar
    2. karplantar
    3. frøplantar
    4. dekkfrøa blomsterplantar

  3. Kva er ei tilpassing? Gi døme!

  4. Sherpa høyt til fjells i Himalaya. Foto.
    Sherpaene er ei folkegruppe som kjem frå fjellområda aust i Himalaya. Trur du denne folkegruppa er tilpassa eit liv høgt til fjells?
    Fjellklatrarar som skal klatre opp på Mount Everest og andre høge fjell, må først akklimatisere seg. Kva betyr det? Er denne tilpassinga arveleg eller ikkje-arveleg, trur du?

  5. Trur du nokre menneske eller menneskegrupper er arveleg tilpassa store høgder utan å måtte akklimatisere seg? Grunngi svaret ditt.

  6. Kjenner du til døme på generelle tilpassingar til landlivet som er vidare tilpassa spesielle landmiljø?

Læringsressursar

Tilpassingar hos plantar