Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Tilpassingar hos plantarChevronRight
  5. Tilpassingar til veksestadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilpassingar til veksestad

Spesielle veksestader som fjell, innsjøar og ørkenar byr på mange utfordringar. Plantar som veks på slike stader, har derfor gjerne ein del fellestrekk. Ulike plantar kan òg løyse dei same utfordringane på litt forskjellige måtar, avhengig av kva slags moglegheiter dei har hatt til å tilpasse seg.

Greplyng. Foto.
Greplyng er ein nøysam, låg plante som veks på tørre rabbar. Blada er lêraktige og vintergrøne med ein bladkant som er rulla innover.

Fjellplantar

Den fargerike blomsten hos rødsildre. Foto.
Den fargerike blomen hos raudsildre.

Plantar i fjellet har ein kort og kald vekstsesong. Mange får ein "kick-start" om våren ved at blomsteranlegga ligg klare frå førre sesong. Nokre fjellplantar er vintergrøne og kjem raskt i gang med fotosyntesen. Raudsildre og mogop er døme på plantar som blømer svært tidleg, nokre gonger før snøen er borte.

Fjellplantar er ofte utsette for mykje vind og dermed mekanisk slitasje og uttørking. Tette tuer, sterk hårvekst på blada og stengelen og blad med innrulla bladkant reduserer fordamping og medverkar til å auke temperaturen i planten. Nokre plantar har parabolforma blomar som følgjer sola for å fange mest mogleg sollys og varme.

Det er færre insekt og dyr i fjellet enn i låglandet. Fjellplantane er derfor i mindre grad avhengige av desse til pollinering og frøspreiing. Hos fjellplantane er vegetativ formeiring og sjølvpollinering vanleg. Fjellplantar som er avhengige av krysspollinering, som raudsildre, har ofte blomar i sterke fargar. Fjellplantar har i tillegg ofte vindspreidde frø.

Ørkenplantar

Kaktus. Foto.

Ørkenplantar må syte for å redusere vasstapet gjennom spalteopningane, samtidig som dei må passe på å få nok karbondioksid til fotosyntesen. Tjukt vokslag (kutikula), redusert bladoverflate og spalteopningar på undersida av bladet er vanlege trekk.

Sukkulentar er tørketilpassa plantar som lagrar vatn anten i blada, stengelen eller røtene. Kaktus lagrar vatn i stengelen. Bladoverflata er sterkt redusert og gjord om til piggar for å unngå beiting. Fotosyntesefunksjonen er det stengelen som har teke over. Nokre slike plantar har ei spesiell form for fotosyntese der karbondioksid blir teke opp om natta og lagra til det skal brukast i fotosyntesen om dagen (CAM-plantar). Spalteopningane kan derfor vere lukka om dagen for å redusere fordampinga.

Ørkenplantar kan vere kortliva og bruke mesteparten av livet som kvilande frø. Dei spirer berre etter kraftig regnfall og går gjennom livssyklusen sin på «null komma svisj» før dei "går i frø" til neste gong det er nok vatn. Nokre få ørkenplantar toler å tørke nesten heilt ut. I tørkeperioden går desse inn i ein dvaleliknande tilstand som kan vare i fleire år. Når tilgangen på vatn er på plass igjen, vaknar dei til liv igjen.

Vassplantar

En nedsenket vannplante - tusenblad. Foto.
Tusenblad i vatn. Fint oppdelte blad aukar den totale overflata.

Utfordringa til vassplantane er å få tilgang på karbondioksid, vatn og lys. Gassutvekslinga går meir langsamt i vatn enn i luft. Vassplantar har ofte tynne blad med stor overflate, få eller ingen spalteopningar og redusert eller manglande vokslag. Kloroplastane sit ofte i ytterhuda til blada (epidermis) for at sollyset ikkje skal ha for lang veg. Vassplantar har dessutan redusert styrkevev og ofte luftekanalar som leier oksygen til røtene.

Mange mangrovetre har luftrøter som veks mot tyngdekrafta, og som rekk over vassflata når det er høg vasstand. Somme vassplantar er tilpassa pollinering og frøspreiing via vatn. Dei fleste har likevel blomar som rekk over vassflata, og er tilpassa pollinering og frøspreiing med vind eller insekt.

Saltplantar

Strankryp. Foto.
Strandkryp veks ved havet og blir derfor utsett for saltvatn. Strandplantar har ulike metodar for å kvitte seg med overflødig salt. Strandkryp skil ut saltet aktivt via kjertlar på blada.

Saltplantar veks i miljø med høgt saltinnhald i jorda, til dømes på tørre stepper og på havstrender. Saltet er delvis rein gift for plantane, men hovudutfordringa er at det høge saltinnhaldet i jorda gjer at plantane får problem med opptaket av vatn. Mange saltplantar har derfor karakteristiske tørketilpassingar som sukkulens og tjukt vokslag. Nokre saltplantar kvittar seg med overflødig salt ved å skilje ut saltkrystallar på bladoverflata. Andre akkumulerer (samlar opp) salt i kjertlar på overflata. Saltplantar aukar gjerne òg konsentrasjonen av løyste stoff i celle-cytosolen slik at vatn ikkje går så lett ut av cella.

Læringsressursar

Tilpassingar hos plantar