Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Tilpassingar hos plantarChevronRight
  5. Tilpassingar til andre artarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilpassingar til andre artar

Plantar lever i eit samspel med mange andre levande organismar. Dette samspelet kan gi fordelar eller ulemper for den eine eller begge, eller utgjere ein forskjell for berre den eine av partane. I nokre tilfelle har samspelet ført til reine "våpenkappløp" mellom dei involverte artane.

Trespissmus drikker nektar fra kannebærerplante. Foto.
Trespissmus og kanneberar i jungelen på Borneo. Trespissmusa drikk nektar frå planten og bruker han som toalett etterpå. Slik får planten eit kjærkomment næringstilskott.

Tilpassingar til planteetarar

Dyr som skaffar seg næring ved å ete plantar, kallar vi herbivorar. Plantane er tilpassa herbivori anten ved at dei unngår å bli beita på, eller at dei til ein viss grad toler å bli beita på.

Rosetorner. Foto.

Mange plantar unngår beiting ved å forsvare seg mekanisk med tornar, piggar eller rue og stive blad. Plantar forsvarer seg kjemisk ved å produsere giftige eller tungt fordøyelege stoff. Nokre plantar i krossblomfamilien frigjer bestemte stoff viss insektlarvar går til angrep på dei. Desse stoffa tiltrekkjer seg ein såkalla livvaktveps som igjen går til angrep på insektlarvane. Andre plantar inngår i eit samliv med organismar som beskyttar mot herbivorer. Dette samlivet blir kalla mutualisme. Nokre stoff kan òg påverke plantar i nærleiken og setje dei i alarmberedskap.

Forholdet mellom herbivorar og plantar kan ein kalle eit "evolusjonært våpenkappløp" der herbivoren stadig utviklar nye trekk, til dømes resistens mot giftstoff som plantane produserer. På den måten kan herbivoren halde tritt med forsvarstrekka som planten utviklar. Slik gjensidig tilpassing kallar vi koevolusjon, og dette går òg føre seg mellom blomeplantar og pollinerande insekt.

Tilpassingar til parasittisme og sjukdom

Plantar har utvikla fleire vernemekanismar mot angrep frå parasittar og andre sjukdomsorganismar. Nokre plantar produserer kjemiske stoff (plantehormon) på skadestaden. Desse blir transporterte til uskadde delar av planten og stimulerer til produksjon av vernande stoff her. Nokre gonger sørgjer planten òg for kontrollert celledød i det området som er angripe, slik at sjukdomsorganismen blir svelta ut.

Fordelaktig samspel (mutualisme)

Symbiose mellom acacia og maur. Foto.
Symbiose mellom acacia og maur

Det er mange fascinerande døme på samspel som er til fordel for begge partar (mutualisme) når det gjeld blomeplantar og pollinatorar og frøspreiarar. Insekt og andre dyr hjelper plantane med pollinering og frøspreiing, og blir lønt med nektar eller anna næring.

Akasiatreet gir maurane husrom og næring i den oppsvulma basisen til tornane. Maurane beskyttar til gjengjeld treet ved å angripe herbivorar som forsøkjer å beite på treet. I tillegg beiter maurane ned plantar rundt akasiatreet slik at konkurransen om lys og næring blir mindre.

Konkurranse

Plantar konkurrerer mellom anna om lys, vatn, pollinatorar og plass. Nokre plantar skil ut kjemiske stoff som hemjar veksten til andre plantar (allelopati). Mange framande planteartar som er blitt problematiske i naturen, har skaffa seg eit konkurransefortrinn ved at dei skil ut slike stoff. Plantar konkurrerer òg med kvarandre gjennom rotvekst for å skaffe næring og vatn.

Læringsressursar

Tilpassingar hos plantar