1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Plantehormon"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Plantehormon"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å få oversikt over dei viktigaste plantehormongruppene og kva slags funksjonar desse kan ha. Du skal òg få ei forståing av korleis kunstig framstilte plantehormon kan bli brukte kommersielt.

Valmue som strekker seg mot solen. Foto.
  1. Kva for likskapar og forskjellar ser du mellom plantehormona og hormon som blir produserte i menneskekroppen?

  2. På kva slags måte medverkar plantehormonet auxin til vekstrørsler hos plantar?

  3. Råtten eple som ligger på bakken. Foto.
    Kva har det engelske uttrykket "One bad apple spoils the barrel" med plantehormonet etylen å gjere? Kva har det i denne samanhengen å seie at etylen er ein gass?

  4. Kvifor trur du ei lang rekkje plantehormon blir produserte syntetisk og brukte kommersielt? Har du døme på korleis slike stoff blir brukte?

  5. Kvifor trur du det er så vanskeleg å seie kva slags konkrete effektar eit gitt plantehormon kan ha?

  6. Kan du trekkje fram nokre viktige funksjonar for kvar av dei fem hovudgruppene plantehormon? Vis så nokre døme på korleis nokre av desse verkar saman med andre plantehormon.

  7. Kvifor blir cytokinin og etylen høvesvis kalla ungdoms- og aldringshormon?

  8. En hekk som er klippet og trimmet. Foto.
    Auxin blir danna i skotspissen, og det er kjent at dette hormonet undertrykkjer utviklinga av sideknoppar og sideskot (såkalla apikal dominans). Korleis kan denne kunnskapen bli brukt til å forme buskar og tre?

  9. Kva for eit av desse trea viser tydeleg toppskotdominans (apikal dominans)?
  10. To tre. Det ene med toppskudd dominans og det andre uten toppskudd dominans. Foto.

  11. Nokre syntetiske auxin påverkar berre veksten til tofrøblada plantar, men ikkje veksten til dyrka einfrøblada plantar, som ulike kornslag. Korleis trur du dette kan bli brukt i korndyrkinga?

  12. Fjerning av visne blomar frå ein plante for å hindre utviklinga av frø og frukt forseinkar aldringsprosessen. Dette er ein teknikk som blir brukt for å forlengje blømingsperioden på prydplantar. Kva slags hormon trur du vi påverkar ved å fjerne visne blomar?

  13. Blad med svarte prikkar etter sopp eller bakterier. Foto.
    Plantehormon er viktige for korleis plantane responderer på sjukdomsangrep.
    Nemninga "stresshormon" blir brukt om plantehormon som hjelper planten å takle ulike utfordringar frå miljøet, som sjukdomsangrep, tørke og liknande. Kjenner du til nokre plantehormon som fortener denne nemninga?

  14. Or feller blada mens dei enno er grøne. Kva trur du kan vere årsaka til at akkurat or kan ta seg råd til denne sløsinga med næringsstoff?

Læringsressursar

Vekst og utvikling hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Primærprodusentar i havet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.