Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
  5. PlanterørslerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planterørsler

Plantar er med få unntak fastsitjande. Dei kan derfor ikkje stikke av frå krevjande utfordringar eller oppsøkje stader med betre vilkår. Likevel kan dei bevege seg på ei lang rekkje måtar for å utnytte miljøtilhøva best mogleg og for å unngå ugunstige situasjonar.

Korleis skjer rørsle i plantar?

Planterørsler skjer ofte ved at motsette sider av eit planteorgan, for eksempel ein stengel, veks med ulik hastigheit, men dei kan òg skje på grunn av endringar i saftspenninga til cellene ved at vatn går inn eller ut av ei celle som følgje av ionerørsler. Dei fleste planterørslene skjer så sakte at vi knapt registrerer dei. Rørslene kan vere retningsbestemte eller retningsuavhengige av ytre stimuli. Retningsbestemte rørsler kan gå mot ein stimulus (positiv) eller bort frå ein stimulus (negativ).

Tropismar

Tropismar er vekstrørsler som går i ei bestemt retning styrt av eit ytre stimuli.

Fototropisme

Planteskot veks typisk mot lyset, såkalla positiv fototropisme, og er styrt av plantehormonet auxin. Auxin beveger seg over til skuggesida til skotet der det stimulerer strekkingsveksten til cellene. Denne delen veks derfor raskare og fører til at skotet bøyer seg mot lyset. I røtene har auxin motsett effekt ved at veksten blir hemma på den sida konsentrasjonen er størst.

Gravitropisme

Plantane orienterer seg mot ei bestemt retning. Stenglane veks oppover, og røtene veks nedover. Dette er ein respons på tyngdekrafta som høvesvis blir kalla negativ og positiv gravitropisme.

Thigmotropisme

Stengel som slynger seg rundt en pinne. Foto.
Dei fleste planterørslene blir utløyste av ytre stimuli. Somme planterørsler blir styrte av ei slags indre biologisk klokke. Dette gjeld til dømes slyngplantar, som veks med roterande rørsler, såkalla nutasjonar, som aukar sjansen for at dei kjem i kontakt med noko å vekse rundt.

Berøring kan òg utløyse retningsbestemte vekstrørsler, thigmotropisme. Slyngplantar veks rundt ein trestamme eller eit klatrestativ, og røter som treff berg eller stein veks rundt slike hinder.

Hydrotropisme

Plantar beveger seg òg etter kvar det er vatn. Planterøter veks typisk mot ei vasskjelde, såkalla positiv hydrotropisme.

Kjemotropisme

Vekstretninga til plantar kan òg bli påverka av konsentrasjonsgradienten til eit kjemisk stoff, såkalla kjemotropisme.

Nastiar

Nastiar er rørsler som er uavhengige av retninga til påverkingskjelda.

Dette kan skje på grunn av ulik veksthastigheit (som hos tropismane) eller endringar i saftspenninga (turgortrykk) i visse celler. Dei sistnemnde rørslene er raske og reversible.

Fotonastiar

Fotonastiar er rørsler som skuldast lys, uavhengige av retninga.

Thigmonastiar

Thigmonastiar hos ein mimosa-art ([i]Mimosa pudica[/i]).

Mekanisk berøring og vind kan utløyse retningsuavhengige rørsler, såkalla thigmonastiar, og dette har med endringar i saftspenningar å gjere. Den raske og reversible samanklappinga av blada hos Mimosa pudica ved berøring er eit døme på dette.

Termonastiar

Planteorgan reagerer i tillegg på temperaturendring med rørsler som blir kalla termonastiar. Til dømes faldar rododendronblad seg saman ved låge temperaturar.

Taksiar

Einstape med rot. Foto.
Kjemotaksi: I bregner følgjer sædcellene ein konsentrasjonsgradient fram til eggcellene.

Taksiar er retningsbestemte rørsler som er styrte av ytre stimuli.

Slike rørsler er mest vanlege hos dyr som kan bevege seg, men vi finn det òg hos enkelte plantar, som hos eincella algar og i kjønnsceller hos mosar og karsporeplantar. Slike rørsler er som oftast knytte til kjemiske stoff eller lys og blir høvesvis kalla kjemotaksiar og fototaksiar.

Bevegelsar hos kjøttetande plantar

Soldogg som har fanget bytte.
Soldogg.

Kjøttetande plantar har ulike strategiar for å fange bytte. Soldogg (Drosera) har hår med klister som insekt set seg fast i. Bladet kan òg krølle seg sakte rundt insekta. Dette er truleg ei vekstrørsle utløyst av auxin og blir kalla thigmotropisme. Gjentakande berøring av blada til venusflugefangaren (Diaonea) fører til at han klappar raskt saman rundt insektet og held det fanga. Denne raske rørsla blir kalla thigmonasti og kjem av ionerørsler som får vatn til å lekkje ut frå cellene.

Læringsressursar

Vekst og utvikling hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Primærprodusentar i havet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.