1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
  5. PlantehormonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Plantehormon

Plantehormon bidreg til å gjere om ytre stimuli til indre responsar i planten, og fungerer òg som eit indre kommunikasjonssystem for planten.

Kva er eit plantehormon?

Kjemisk struktur til gibberellin. Illustrasjon.
Kjemisk struktur til plantehormonet gibberellin.

Eit plantehormon er eit organisk stoff som finst naturleg i planten, og som sjølv ved låge konsentrasjonar påverkar vekst og utvikling. Plantehormon blir laga i heile planten, spesielt i vekstsoner (meristem) og i ungt vev i utvikling, og ikkje i eigne kjertlar som hos dyr. Plantehormona verkar vanlegvis andre stader enn der dei blir laga, og blir transporterte i leidningsvevet eller frå celle til celle.

Plantehormona koordinerer planten sin respons på ulike stimuli. Auxin, gibberellin, cytokinin, abscisinsyre og etylen er dei mest kjende plantehormona.

Korleis verkar plantehormon?

Det er fleire stimuli som påverkar konsentrasjonen og transportretninga til plantehormona. Hormona bind seg til reseptorar i målcellene, og denne bindinga aktiverer eller deaktiverer gen og fører dermed til stimulering eller hemming av vekst.

Det same hormonet kan gi ulike effektar avhengig av planten, plantedelen og utviklingsstadiet til planten. Mange plantehormon utløyser dessutan liknande responsar. Hormona verkar ofte saman, og responsen er avhengig av mengdeforholdet mellom stoffa.

Auxin

Auxin er ei stor og viktig gruppe plantehormon med mange verknadar. Dette hormonet stimulerer vekst ved å fremje lengdeveksten til cellene og delvis òg celledelinga.
Auxin er spesielt kjent for å syte for at plantar veks mot lyset (fototropisme). Dette skjer fordi auxin beveger seg over til skuggesida slik at skotet veks raskare her.

Auxin er òg viktig for danninga av røter og leidningsvev, og for normal frø- og fruktutvikling.

Gibberellin

Cabernet Franc druer fra Saumur-Champigny, Loire. Foto.
Plantehormonet gibberellin blir brukt til druer, både for vekst og danning av frukt utan frø.

Gibberrelin gir auka strekkingsvekst av stengelen. Hormonet stimulerer både til celledeling og til at cellene strekkjer seg. Plantesortar med dvergvekst har redusert evne til å produsere hormonet. Gibberellin fremjar òg frøspiring, bløming og danninga av frukter utan frø, og det forseinkar aldring og lauvfelling.

Cytokinin

Cytokinin er først og fremst kjent for å stimulere celledeling. Sidan cytokinin òg hemmar aldring, blir det kalla "ungdomshormonet". Hormonet verkar ofte saman med auxin, mellom anna når det gjeld kontroll av toppskot-dominans ved at cytokinin fremjar veksten av sideknoppar. I likskap med fleire andre hormon fremjar òg cytokinin danninga av frukter utan frø og bryter frøkvile.

Abscisinsyre

Tørket plante fra gresskarfamilien. Foto.
Plantar sitt forsvar mot tørke er å lukke spalteopningane. Dette blir styrt av hormonet abscisinsyre.

Abscisinsyre er eit veksthemmande plantehormon som hovudsakleg verkar ved å hemme dei andre hormona. Abscisinsyre blir danna når planten blir utsett for ulike typar stress, mellom anna tørkestress. Hormonet framkallar frøkvile og knoppkvile, og fremjar derfor ein dvaletilstand i planten ved ugunstige miljøforhold. Abscisinsyre er òg involvert i opning og lukking av spalteopningar. Frø som manglar evna til å lage abscisinsyre, spirer på morplanten (vivipari).

Etylen

Tomatar på ei grein. Foto.
Modne tomatar skil ut gassen etylen, som mellom anna stimulerer modning hos umodne frukter i nærleiken.

Etylen blir kalla "aldringshormonet" og fremjar aldring av organ som blad og blom. Det er viktig for fruktmodning og bladfelling, og det hemmar rot- og lengdevekst.

Etylen er, i motsetning til dei andre plantehormona, ein gass, og kan derfor diffundere gjennom lufta og påverke plantar i nærleiken. Etylen syter for at spirande frø har ein kort og tjukk kimstengel som er tydeleg bøygd i spissen. Dette hjelper frøplanten å bryte gjennom jorda. Etylen blir òg produsert ved stress, og er viktig for korleis planten responderer på mekanisk skade og sjukdomsangrep.

Læringsressursar

Vekst og utvikling hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Primærprodusentar i havet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.