1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
  5. Frå frø til frø – livssyklusen til ein frøplanteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå frø til frø – livssyklusen til ein frøplante

Frøplantane går gjennom livssyklusen sin på mange ulike måtar. Nokre veks, får avkom og døyr på under eitt år. Andre bruker fleire år på å nå formeiringsdyktig alder og kan leve i hundrevis av år. Frøspiring og bløming er viktige hendingar som er nøye synkroniserte med miljøforholda.

Årstidsvariasjonar

Bjørk på høsten. Foto.
Bjørk feller blada på hausten for å redusere vasstapet.

Plantar som veks i område med årstidsvariasjon, må syte for at frøspiring, vekst og bløming skjer om våren og om sommaren. Viktige faktorar som signaliserer når desse årstidene kjem, er temperatur og dag- og nattlengd.

At plantane reagerer på endringar i dag- og nattlengd, blir kalla fotoperiodisme. Plantane registrerer dag- og nattlengd ved hjelp av fargepigmentet fytokrom. Dette pigmentet finst i to former, avhengig av bølgjelengda lyset har. På denne måten held plantane styr på årstidene slik at frøspiring, vekst og bløming skjer til mest mogleg gunstig tid.

Frøkvile og frøspiring

Frøspire og frøskall. Foto.
Ein spire på veg ut av frøskalet ein tidleg vårdag.

Frøet vernar og gir næring til planteembryoet. I tillegg gir det embryoet moglegheita til å gå i dvale. Dei fleste frøa treng ein kort eller lengre kvileperiode før dei spirer. Denne perioden samsvarer med vinteren hos oss og tørkeperiodar ved sørlegare breiddegradar. Frø kan òg overleve i jorda i fleire år og danne ein frøbank. Dette er spesielt viktig for (kortliva) artar som lever i miljø som er lite føreseielege. Frøa kan då spire på ulike tidspunkt og dermed spreie risikoen over fleire sesongar.

Frøkvilen blir broten først når vatn trengjer inn gjennom frøskalet. Nokre frø er avhengige av at det harde frøskalet blir slite ned mekanisk, mens andre treng ein kuldeperiode. Enkelte frø toler eller må passere tarmen til eit dyr før dei kan spire, mens andre spirer først etter at enkelte spiringshemjande stoff er brotne ned.

Eittårige, toårige og fleirårige plantar

Kor lang tid det går det frå eit frø spirer, til det har vakse til ein moden plante som kan produsere nye frø, varierer mykje:

Vekseformer: urter og vedplantar

Plantar med grøne, saftfulle stenglar som visnar ned om hausten, blir kalla urter. Dei fleste overlever vinteren med vekstpunkt nær jordoverflata, som lagar nye skot neste sesong. Andre overlever vinteren som underjordiske løkar.

Vedaktige plantar, som buskar og tre, visnar ikkje ned om hausten, men mange av dei feller blada for å redusere vasstapet. Klorofyllet blir brote ned før blada blir felte, og dei andre fargepigmenta kjem derfor tydeleg fram som haustfargar. Vinterknoppar veks på kvistane og utviklar nye grøne skot om våren.

Læringsressursar

Vekst og utvikling hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Primærprodusentar i havet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.