1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
  5. Oppbygginga til ein frøplanteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppbygginga til ein frøplante

Frøplantane er sette saman av hovuddelane rot, stengel og blad. I tillegg har dei òg reproduktive skot som blome eller kongle. Dei ulike delane har kvar sin hovudfunksjon. I nokre tilfelle kan eit organ òg ta over andre funksjonar.

Rot for feste og opptak av vatn og næring

Røtter på grantre. Foto.
Røtene på eit stort grantre spreier seg utover bakken.

Rota festar planten til underlaget og tek opp vatn og næring. Rota er tilpassa denne oppgåva ved at ho har ei stor overflate, og ved at ho kan vekse mot vatn og rundt hinder. Hos mange toårige eller fleirårige plantar er røtene oppsvulma og tilpassa lagring av næringsstoff (rotknollar).

Nokre slyngplantar har klatrerøter som gjer det lettare for dei å vekse oppover tre eller bergveggar. Store tre som er sterkt vindeksponerte, kan ha kraftige røter med støttefunksjon (støtterøter). Plantar som veks i miljø som er tidvis overflødde, til dømes i mangrovesamfunn, kan ha røter som veks oppover i staden for nedover. Slike anderøter gir planten nødvendig oksygen når vasstanden er høg.

Stengel/stamme – transport og støtte

Kaktus i ørkenområde. Foto.
Hos kaktus er det stengelen som driv fotosyntese. Stengelen er òg viktig for lagring av vatn. Blada er omdanna til piggar.

Stengelen lyfter planten opp frå bakken og er bindeleddet mellom røter, blad og blomar. Leidningsvevet i stengelen transporterer vatn og oppløyste stoff til dei delane av planten som treng det. Leidningsvevet har òg ein viktig støttefunksjon for planten, samtidig som heile stengelen må vere fleksibel nok til å tole vind utan å brekke altfor lett.

Stenglar kan òg vekse horisontalt. Stenglar som veks over bakken, kallar vi utløparar (overjordsrenningar). Det finn vi for eksempel hos jordbær. Stenglar som veks under bakken, kallar vi jordstenglar. Det finn vi for eksempel hos kvitveis.
Horisontal stengelvekst gir opphav til vegetativ formeiring eller vekst. Somme jordstenglar kan òg fungere som lagringsorgan.

Bladet driv fotosyntese

Hovudoppgåva til bladet er å drive fotosyntese for å skaffe organisk næring til vidare vekst og utvikling. Oppbygginga til bladet reflekterer dette.

Ytst har bladet eit vokslag (kutikula) som vernar mot uttørking. Øvreog nedre ytterhud (epidermis) ligg innanfor vokslaget. Sjølve bladkjøttet (mesofyllet) er differensiert i eit tettare palisadevev og eit lausare bygd svampvev med store luftrom. Cellene i mesofyllet inneheld kloroplastar med klorofyll.

Spalteopningane syter for gassutveksling og er omgitte av lukkeceller som styrer opning og lukking av spalteopningane. Blada har òg leidningsvev som syter for transport av vatn og oppløyste stoff.

Blada kan misse fotosyntesefunksjonen. Delar av eller heile blad kan vere omdanna til slyngtrådar. Blada kan òg vere omdanna til piggar eller tornar som vernar planten mot beitedyr.

Blome

Blomen er det kjønna formeiringsorganet hos dei dekkfrøa blomeplantane. Oppgåva til blomen er å produsere og spreie frø til neste generasjon. Insektpollinerte blomar lokkar gjerne med tiltrekkjande lukt eller farge. Blomar kan òg vere omdanna. Hos nokre krossved- og hortensia-artar er dei ytste blomane i blomestanden store og iaugefallande, men desse er sterile og har berre lokkefunksjon.

Læringsressursar

Vekst og utvikling hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Primærprodusentar i havet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.