Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
  5. Vekst og utvikling hos plantarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vekst og utvikling hos plantar

Eit frø spirer og blir til ein ung plante med rot, stengel og blad, og dei ulike delane har ulike oppgåver. Men hva treng ein plante for å vokse? Korleis går differensieringen føre seg, og kva for faktorar påverker vekst og utvikling?

Utvikling = vekst + spesialisering av celler

Vekst er ein auke i biomasse eller storleik. Celledelingar (mitose) etterfølgde av organelldanning medverkar til vekst. Modne enkeltceller kan òg vekse ved at celleveggene "losnar i fisken" slik at dei kan ta opp meir vatn.

Differensiering skjer når celler blir spesialiserte til ulike oppgåver. Saman med vekst fører differensiering til danning av vevstypar med ulike oppgåver for eksempel knytte til transport og fotosyntese. Summen av vekst og differensiering er utvikling.

Kva treng ein plante for å vekse?

Frø som spirer. Foto

Ein plante treng vatn, lys og karbondioksid for å drive fotosyntese. I tillegg treng han ei rekkje mineralnæringsstoff som han tek opp som ion frå jorda. Nokre av desse grunnstoffa treng planten i relativt stor mengd (makronæringsstoff), til dømes nitrogen, fosfor og kalsium. Andre grunnstoff, som jern og sink, treng han i mindre mengder (mikronæringsstoff).

Stoffa er komponentar i til dømes protein, nukleinsyrer og klorofyll. Dei kan òg vere viktige for funksjonen til enzyma, osmoseregulering eller som signalmolekyl.

Faktorar som påverkar vekst og utvikling

Veksten og utviklinga til plantane blir påverka både av ytre og indre stimuli. Ytre stimuli kan vere fysiske eller biologiske. Eksempel på ytre fysisk stimuli er temperatur, lys, vind og tilgang på vatn, mens døme på ytre biologiske stimuli er planteetarar og parasittar.

Indre stimuli kan vere genetisk kontroll eller hormonaktivitet. Sistnemnde er ofte eit resultat av dei nemnde ytre påverknadane.

Meristem

Mikroskopbilde av brokkoliskudd. Foto.
Brokkoliskot med aktivt meristem langs kantane.

Celledelinga hos plantar skjer i meristem, som er vekstpunkt med aktiv celledeling der planteceller blir differensierte (spesialiserte) til ulike oppgåver. Hos mosar og karsporeplantar skjer celledelinga i ei enkeltcelle som er plassert i enden av skotet. Frøplantane har delingsvev, det vil seie heile område som driv med aktive celledelingar. I det som følgjer skal vi konsentrere oss om frøplantane.

Skotmeristem tek seg av skotveksten, og rotmeristem tek seg av rotveksten. Vekst i lengderetninga kallar vi primærvekst. Vedplantar har meristem som òg gir sekundærvekst, altså ein auke i breidda. Skot- og rotmeristem hos eit frøembryo og blad- og blomsterknoppar hos ein vaksen plante er eksempel på meristem i dvale.

Modularitet og open vekst

Planter med repeterende enheter - molduler. Foto.
Den store skjermen (blomsterstanden) hos dill er sett saman av mange småskjermar (modular).

Plantar består av repeterande einingar – dei er modulære organismar. Kor mange modular ein plante endar opp med, for eksempel kor mange skotsystem eller blomsterskot, kan vere avhengig av miljøforholda.

Open vekst = kontinuerleg vekst

Blad, rot og stengel er organ som veks og blir danna kontinuerleg (open vekst). Ein plante blir aldri ferdig med å vekse. Dette står i kontrast til dei fleste dyra, som veks jamt og når ein avgrensa storleik (lukka vekst).

Læringsressursar

Vekst og utvikling hos plantar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Primærprodusentar i havet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.