Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til temaet transportChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til temaet transport

Desse oppgåvene skal gi deg ei heilskapleg forståing av transportsystemet til karplantane. Du skal få innsikt i likskapar og forskjellar i oppbygginga av vedvev og silvev, og du får sjå korleis desse likskapane og forskjellane heng saman med kva funksjon veva har.

  1. Kva er forskjellen på vedvev og silvev når det gjeld oppbygging og funksjon?

  2. Masserørsle av vatn med oppløyste stoff blir bremsa av cytoplasmaet til cellene. Korleis har cellene i vedvevet og silvevet tilpassa seg dette?

  3. Somme landplantar har returnert tilbake til eit liv i vatn. Kva trur du skjer med den indre transporten hos desse plantane?

  4. På kva slags måte er leidningsvevet hos blomeplantane meir avansert enn hos dei andre karplantane? Kva har dette å seie, trur du?

  5. Mikroskop bildet som viser kjerne, cellevegg og mitokondrier i rotceller hos løk. Foto.
    Rotceller hos løk der vi ser kjernen, celleveggen og mitokondria.
    Kvifor trur du cellene i rota og følgjecellene i silvevet har store mengder mitokondrium?

  6. Kvifor trur du transportcellene i silvevet er levande, mens transportcellene i vedvevet er daude?

Læringsressursar

Transport i plantar