Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Langtransport av fotosynteseprodukt"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Langtransport av fotosynteseprodukt"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å forstå korleis transporten av organisk næring skjer i planten. Du skal skjønne kvar sukkeret blir produsert, og kvar det blir brukt. Du skal òg forstå kva vatnet ifølgje forklaringsmodellen betyr for transport av fotosynteseprodukt.

  1. Vasstransporten går i éi retning. Kvifor må transporten av fotosynteseprodukt og andre organiske sambindingar kunne gå i fleire retningar?

  2. På kva slags måte er vatn viktig for transport av organiske stoff i silvevet òg?

  3. Kva for del av silvevstransporten er aktiv (krev energi), og kva for del er passiv (krev ikkje energi)?

  4. Korleis er silrøyrselementa bygde opp, og korleis forklarer du dette?

  5. Kvifor trur du vedvevet og silvevet ligg i nær kontakt i leidningsvevet?

  6. Løkplante som vokser i jorden. Foto.
    Lauken fungerer som overvintrings- og lagringsorgan.
    Gi døme på typiske produksjons-, forbruks- og lagringsstader for sukker.

  7. Korleis forklarer du at same planteorgan kan fungere som både produksjons- og forbruksstad for sukker?

  8. Kva kallar vi forklaringsmodellen for langtransport av fotosynteseprodukt i plantar? Kva kjem dette namnet av, trur du?

Læringsressursar

Transport i plantar