Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Langtransport av vatn"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Langtransport av vatn"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å få oversikt over kva for krefter ein meiner er involverte i vasstransport hos plantar. Du skal òg forstå korleis desse kreftene må verke saman.

Kastanjeblad som bader i sollys. Foto.
  1. De ulike kreften som virker ved langtransport av vann hos planter. Illustrasjon
    Vasstransport hos plantar.

    Beskriv kva for krefter som til saman sørgjer for vasstransporten i plantar. Kva for nokre krefter verkar motsett veg?

  2. Kva er kapillarkrefter? Kva har desse kreftene å seie for vasstransporten i karplantar?

  3. Kva betyr det at vassmolekylet er polart? Kva har dette å seie for kapillarkreftene?

  4. Kva for energikjelde har hovudansvaret for transpirasjonen av vatn frå overflata til plantane?

  5. Kva kan skje dersom det blir danna luftbobler i vedrøyra?

  6. Vanndråper som henger på bladkanten. Foto.

    Vassdropar på blad kan òg komme av dogg (kondensering av vatn frå atmosfæren). Korleis kan ein vite forskjellen på dette og vassdropar som kjem av guttasjon?

  7. Kva kallar vi teorien som forklarer langtransport av vatn i plantar?

Læringsressursar

Transport i plantar