Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Opptak og korttransport av vatn og næring i plantar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Refleksjonsoppgåver til "Opptak og korttransport av vatn og næring i plantar"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å forstå korleis plantar tek opp vatn og mineral. Du skal forstå forskjellen mellom aktiv og passiv transport, og kva osmose har å seie for den passive transporten av vatn.

Frøspire og dens rotutvikling i de ulike stadiene med mer og mer rothår.
  1. Potetplante hvor rotsystemet er fremhevet. Foto.
    Rotsystemet hos potet
    Røtene er ofte svært forgreina og dessutan tynne med små rothår. På kva slags måte medverkar dette til meir effektivt vassopptak?

  2. Kvifor trur du mykorrhiza (sopprot) er så utbreidd?

  3. Kva for ulikskapar og likskapar er det mellom osmose og diffusjon?

  4. På kva slags måte heng den passive rørsla av vatn inn i røtene saman med det aktive mineralopptaket?

  5. Kvifor trur du cellene i rothåra er så rike på mitokondrium?

  6. Røter med et tett nett av rothår. Foto.
    Røter med rothår.
    Korleis blir vatn og næring transportert frå rothåra og inn til sentralsylinderen?

  7. Kvar finn vi dei casparyske banda, og kva slags funksjon har desse?

  8. Kvar finn vi plasmodesmata, og kva er funksjonen deira?

  9. Gi døme på essensielle mineralnæringsstoff som plantane treng. Kva treng dei desse til?

Læringsressursar

Transport i plantar