Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Transport i plantar"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Transport i plantar"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å forstå kva for utfordringar landplantane møtte då dei kom til landjorda, og korleis dei ulike plantegruppene har tilpassa seg desse utfordringane. Du skal òg kunne reflektere over kva slags hindringar plantegrupper utan leidningsvev møter.

Bregnseskog og foss. Foto.
  1. Mosane manglar ekte leidningsvev og røter. Korleis har dei tilpassa seg livet på land?

  2. Dei fleste mosane er småe fordi dei har lite støttevev og manglar effektivt leidningsvev til transport av vatn og næring.
    Den største mosen vi kjenner til i Noreg, er elvemose. Han kan bli opptil 70 cm lang. Han veks hovudsakleg i rennande vatn. Er det tilfeldig at vi finn den største mosen i dette habitatet?

  3. Bjørnemose. Foto.
    Bjørnemose blei tidlegare brukt til å lage små sopelimar sidan han er så stiv og opprett.
    Kvifor trur du bjørnemosane er så stive og opprette?

  4. Kva slags funksjon har:
    1. kutikula?
    2. spalteopningar?

  5. Sporane hos landplantane er omgitte av eit beskyttande lag av såkalla sporopollenin. Kvifor har ikkje algesporar dette laget?

  6. Kvifor trur du algar berre er nokre få cellelag tjukke? Kva for landlevande plantegruppe har dei dette til felles med?

  7. Kva for "oppfinning" er spesiell for karplantane, og korleis trur du denne har medverka til suksessen deira?

Læringsressursar

Transport i plantar