Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Langtransport av fotosynteseproduktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Langtransport av fotosynteseprodukt

I motsetjing til vasstransporten som går i éi retning, blir organiske stoff som sukker transportert i fleire retningar. Sukker blir laga i blada under fotosyntesen og blir transportert til forbruksstader som knoppar og skot, eller til og frå lagringsstader som røter. Denne transporten skjer i silvevet.

Silvevet – oppbygging

Silvevet (floemet) til blomeaplantane inneheld silrøyrelement og følgjeceller. Dette er levande celler, i motsetning til transportcellene i vedvevet.

Silrøyrelementa består av celler utan cellekjerne og andre viktige organellar. Dei er bundne saman via silplater og har redusert cytoplasma. Silrøyrelementa er òg bundne saman og jobbar tett saman med følgjeceller. Følgjecellene har alle organellane intakt og leverer dei nødvendige organiske molekyla.

Inn- og utlasting av sukker til og frå silvevet

Sukker i form av sukrose blir lasta aktivt inn i følgjecellene i silvevet frå produksjonsstaden ("source") og aktivt ut frå følgjecellene til lagrings- eller forbruksstader ("sink"). Denne energikrevjande prosessen går anten via eller via cellevegger og mellomrom mellom cellene.

Trykkstraummodellen

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av videoen eller metadata om videoen.

Den høge sukkerkonsentrasjonen i silvevet ved produksjonsstaden fører til at vatn trengjer inn i silvevet frå vedvevet ved osmose. På denne måten oppstår det eit trykk som driv vasstraumen mot område med lågare sukkerkonsentrasjon og såleis lågare trykk.

Sukkeret følgjer passivt med denne vasstraumen. Dei oppløyste stoffa og væska strøymer altså saman (masserørsle). Denne forklaringa kallar vi trykkstraummodellen. Rørslene av oppløyst sukker reknar vi med at skjer gjennom ein kombinasjon av både aktiv og passiv transport.

Læringsressursar

Transport i plantar