Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Transport i plantarChevronRight
  5. Transport i plantarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Transport i plantar

Planteriket er mangfaldig, både med tanke på utsjånad og det miljøet dei lever i. Ulike miljø gir ulike utfordringar når det gjeld tilgangen på vatn, og har dermed medført ulike tilpassingar til å ta opp vatn og oppløyste stoff.

Vass- og næringsopptak hos algar og mosar

Brunalgar på kvir sandbotn. Foto.
Algane tek opp det dei treng av næring, direkte frå vatnet og gjennom overflata ved diffusjon.

Algane lever i all hovudsak i vatn og har ikkje noko eige transportsystem. Dei er omgitte av vatn med oppløyste næringsstoff og tek opp dette direkte gjennom overflata ved diffusjon.

Mosane manglar ekte leidningsvev og røter, og tek opp vatn og næringsstoff stort sett gjennom overflata. Dei fleste mosane er derfor berre eitt cellelag tjukke. Kor store mosane kan bli, er avgrensa av at dei manglar eit effektivt transportsystem.

Fare for uttørking

Knopp med vassdropar hengande under. Foto.
Blomeknopp med eit vasstett vokslag (kutikula) som hindrar fordamping.

Faren for uttørking er ein av dei største truslane landplantane står overfor. Mosane veks ofte i fuktige miljø, og mange veks i tette tuer for å redusere fordampinga. Dei toler likevel delvis å tørke ut.

Ytst har karplantane eit vasstett vokslag, kutikula, som hindrar fordamping. Spalteopningar på bladoverflata sørgjer for at plantane kan drive gassutveksling. Dette er heilt nødvendig for fotosyntese og celleanding, men gjennom opne spalteopningar skjer det òg vasstap. Sporane hos mosane og karsporeplantane og pollenet hos frøplantane spreier seg i luft og er omgitte av eit beskyttande lag som hindrar uttørking.

Karplantar: utvikling av leidningsvev

Solsikkestengel sett gjennom mikroskop. Foto.
Mikroskopbilete av ein solsikkestengel. Den svarte påteikna ringen viser leidningsvevet, som består av silvev og vedvev.

Karplantane har utvikla eit indre transportsystem for vatn og oppløyste stoff. Dette leidningsvevet (kar) består av vedvev (xylem) inst, som transporterer vatn og oppløyste mineral. Ytst ligg silvevet (floem), som transporterer fotosynteseprodukt og andre organiske sambindingar. Leidningsvevet har ein viktig støttefunksjon òg.

Leidningsvevet er litt ulikt bygd hos dei ulike karplantegruppene, og det er generelt meir avansert utforma hos dei dekkfrøa blomeplantane. Leidningsvevet ligg vanlegvis i ein ring, men er spreidd i stengeltverrsnittet hos dei einfrøblada blomeplantane.

Læringsressursar

Transport i plantar