Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Ekskresjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver – ekskresjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver – ekskresjon

I desse oppgåvene skal du jobbe med å sjå samanhengar mellom utforminga av ekskresjonsorgan, funksjonen dei har, og det miljøet som dyra lever i. Du må òg reflektere over korleis dyr klarer å halde ved like konstant vass- og ionebalanse i kroppen under ulike miljøforhold.

Tre ulike ekskresjonssorganer. Illustrasjon.
  1. Kvifor må dyr ha ekskresjonsorgan?

  2. Kva er dei viktigaste oppgåvene til ekskresjonsorgana?

  3. Kva skjer med cellene til eit dyr dersom konsentrasjonen av løyste stoff er høgare inne i cellene enn i vevsvæska som omgir dei?

  4. Ved utskiljing av stoff bruker dyr både filtrasjon, aktiv transport og reabsorpsjon. Kva forstår du med desse tre omgrepa?
    1. filtrasjon
    2. aktiv transport
    3. reabsorpsjon
  5. Diffusjon av gasser hos flatorm. Illustrasjon.
    Diffusjon hos flatorm
    Enkelte dyr har ikkje spesialiserte ekskresjonsorgan. Kvifor er dette mogleg?

  6. Kva for hovudtypar av ekskresjonsorgan finn vi hos virvellause dyr?

  7. Kva er eit nefron, og kva funksjon har dei?

  8. Det er stor forskjell på lengda til nyrekanalane hos ulike artar pattedyr. Kvifor?

  9. Kvifor må marine beinfisk drikke sjøvatn?

  10. Bruskfisk (haiar og skater) akkumulerer store mengder urea i kroppsvæska. Kvifor?

  11. Kva er hovudproblemet for ferskvassdyr når det gjeld transport av salt (ion)? Korleis løyser dei dette problemet?

  12. Frampart hos ørkenrev. Foto.
    Ørkenrev – fennek (Vulpes zerda)
    Korleis kan landlevande dyr avgrense vasstapet til omgivnadene?

  13. Sjøvatn har eit saltinnhald på cirka 3,5 prosent. Kvalar kan drikke sjøvatn, mens sjøvatnet vil verke som eit giftstoff for menneske. Kva er forklaringa?

  14. Kva er årsaka til at fisk, amfibium og krypdyr ikkje kan produsere urin der konsentrasjonen av løyste stoff er høgare enn i vevsvæska?

  15. Marine fuglar og krypdyr kan kvitte seg med overskotet av salt (ion) sjølv om dei har lita evne til å oppkonsentrere salt i urinen. Korleis er dette mogleg?

  16. Korleis kan diande sjøpattedyr (kvalar og selar) avgrense vasstapet sitt?

  17. Alle dyr må skilje ut nitrogenhaldige avfallsstoff. Kvifor?

  18. Hos dyr finn vi tre hovudtypar nitrogenhaldige avfallsstoff: ammoniakk, urea og urinsyre.
    1. Kva er hovudårsakene til at ulike dyr har ulike typar nitrogenhaldige avfallsstoff?
    2. Nemn eigenskapar ved dei ulike ekskresjonsprodukta som gjer dei meir eller mindre eigna i eit miljø.

Læringsressursar

Ekskresjon hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter