Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Ekskresjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Osmoregulering hos landlevande dyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Osmoregulering hos landlevande dyr

Landlevande dyr tapar kontinuerleg vatn til omgivnadane. Vatn går tapt ved fordamping og gjennom urin og avføring. Vasstapet blir erstatta gjennom mat og drikke, og ved at det blir danna vatn i celleandinga. Tilpassingar som bidreg til å redusere vasstapet og å regulere saltmengda, er viktig.

En hund med tykk pels peser med tunga langt ute.
Ein border collie pesar for å kjøle seg ned. Fuglar og mange pattedyr manglar svettekjertlar og nyttar pesing for å kvitte seg med varme. Ved pesing aukar fordampinga av vatn frå respirasjonsorgana.

Vasstap frå kroppsoverflata

En snegle med hus kryper på et strå.

Dyr med tynn og fuktig hud, slik som amfibium og meitemark, har lite vern mot fordamping. Dei må derfor opphalde seg i fuktige habitat for å hindre uttørking. Mange sniglar har utvikla eit kalkskal som kan lukkast for å redusere vasstapet.

Mange insekt er svært godt tilpassa eit liv i tørre omgivnadar. Desse har eit ytre hudskjelett (kutikula) med eit vokslag som dannar ein effektiv barriere mot vasstap, men likevel tapar dei noko vatn ved fordamping, spesielt frå trakésystemet (respirasjonsorgan).

Nærbilde av en kumule med svettedråper.
Kumule med sveittedropar. Ein del pattedyr har sveittekjertlar som produserer væske som fordampar frå kroppsoverflata.

I motsetnad til amfibium har krypdyr, fuglar og pattedyr ei tjukk og tørr hud som medverkar til å redusere vasstapet frå kroppsoverflata. Vasstapet vil likevel auke i varme og tørre omgivnader. Jamvarme dyr (fuglar og pattedyr) må bruke kroppsvatn for å avkjøle kroppen ved fysisk aktivitet og når det er varmt.

Enkelte pattedyr lever i varme og svært tørre ørkenstrok. For å spare på kroppsvatnet held dei seg det meste av tida i hòler under bakken, der det er lågare temperatur og høgare luftfukt. For å redusere vasstapet har dei òg evne til å produsere svært små mengder urin.

Skjematisk figur av et nefron. Illustrasjon.
Mange lange og tynne nefronkanalar gjer det mogleg for tørketilpassa pattedyr å skilje ut overskotet av salt med eit minimalt forbruk av vatn.

Oppkonsentrering av salt i urinen

Alle pattedyr har evne til å produsere ein urin der konsentrasjonen av salt er høgare enn i blodet. Denne evna er bestemt av talet og lengda på dei tynnaste nefronkanalane som dannar eit motstraumssystem for oppkonsentrering av salt i urinen.

Frampart hos ørkenrev. Foto.
Fennek (ørkenrev) reduserer vasstapet ved å søkje skugge og lage konsentrert urin ved hjelp av mange lange og tynne nefronkanalar.

Ørkendyr har mange og lange nefronkanalar, og kan lage ein urin der konsentrasjonen av ion er 15–30 gonger høgare enn i blodplasmaet. Dei kan dermed skilje ut overskotet av salt med eit minimalt forbruk av vatn. Dette er ei av årsakene til at slike dyr kan leve utan tilgang på fritt (ubunde) vatn og nesten utelukkande klare seg med det vatnet som cellene dannar ved nedbryting av næringsstoff.

Til forskjell kan menneske produsere ein urin der konsentrasjonen av salt er inntil fire gonger høgare enn i blodplasmaet.

Diande pattedyr

Vassbalansen hos pattedyr blir òg påverka av at dei diar ungane. Produksjonen av mjølk krev mykje vatn, men vasstapet kan reduserast ved å lage ei svært energirik mjølk.

Selar og kvalar produserer mjølk med svært høgt feittinnhald og med eit innhald av protein som er betydeleg høgare enn i kumjølk. I mjølk hos weddellsel er det målt eit feittinnhald på over 50 prosent, altså dobbelt så høgt som i kremfløyte.

Læringsressursar

Ekskresjon hos ulike dyregrupper