Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Ekskresjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Grunnprinsipp for ekskresjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grunnprinsipp for ekskresjon

Hos dei fleste dyr blir det indre miljøet i kroppen regulert av nyrer eller nyreliknande organ, men òg andre organ som til dømes hud og gjeller hjelper til. Det er store variasjonar i utforminga av ekskresjonsorgana i dyreriket. Likevel er all ekskresjon basert på to grunnprinsipp: filtrering og aktiv transport.

Pingviner. En pingvin sender ut en stråle med urinsyre.

Filtrering – store molekyl blir haldne tilbake

Filtrering skjer ved at blodet blir pressa over ein selektivt permeabel membran. Membranen held tilbake store molekyl som protein, men tillèt fri passasje av vatn og små løyste stoff, til dømes ion, sukker og aminosyrer. Mange av stoffa som finst i filtratet (preurinen), er verdfulle for dyret og må ikkje gå tapt til den ferdige urinen. Hos landlevande dyr blir som regel mindre enn 1 prosent av preurinen skild ut som ferdig urin.

Aktiv transport – frå kroppsvæske til ekskresjonsorgan

Aktiv transport er ein energikrevjande prosess der løyste stoff blir transporterte mot ein konsentrasjonsgradient. Dersom dette skjer frå kroppsvæska til ekskresjonsorganet, kallar vi prosessen aktiv sekresjon. Dyr kan på denne måten skilje ut eit overskot av bestemte ion og andre avfallsstoff. Når prosessen skjer i motsett retning, frå ekskresjonsorganet til kroppsvæska, kallar vi det aktiv reabsorpsjon.

Læringsressursar

Ekskresjon hos ulike dyregrupper