Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Sirkulasjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Transport av oksygen og karbondioksid i blodetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Transport av oksygen og karbondioksid i blodet

Ulike dyregrupper har ulike hjelpestoff til å bistå transporten av oksygen, mens karbondioksid kan bli transportert på tre ulike måtar.

Transport av oksygen

Oksygen er lite løyseleg i vatn, og dei fleste dyra er derfor avhengige av respirasjonspigment for å transportere oksygen i blodet. Respirasjonspigmenta er protein som inneheld jarn- eller kopparatom. Desse har evne til reversibel binding av oksygen.

Reversibel binding betyr at oksygen blir teke opp når blodet passerer respirasjonsorgana, og frigitt når blodet kjem til cellene i kroppen. Dette skjer fordi gassane diffunderer frå høg til låg konsentrasjon.

Det er respirasjonspigmenta som gir blodet farge

Sort hummer. Foto.
Hummar.

Mange blautdyr og leddyr bruker hemocyanin for å transportere oksygen i kroppen. Dette er eit respirasjonspigment som inneheld koppar og gir blodet ein blå farge.

Dei fleste virveldyr transporterer oksygen ved hjelp av hemoglobin. Hemoglobin er eit jarnhaldig respirasjonspigment som finst inne i dei røde blodcellene, og som blir raudt når det bind oksygen. Hos pattedyr blir cirka 98 prosent av oksygenet frakta bunde til hemoglobin.

Kvart hemoglobinmolekyl kan binde fire oksygenmolekyl, og kvar raude blodcelle inneheld omkring 300 millionar hemoglobinmolekyl.

Transport av karbondioksid

Sjølv om karbondioksid er litt meir løyseleg i vatn enn kva oksygen er, er det berre 5 prosent av karbondioksidet som blir transportert fysisk løyst i blodet.

Heile 65 prosent av karbondioksidet blir transportert som hydrogenkarbonat. Inne i dei raude blodcellene reagerer karbondioksid med vatn. Då blir karbonsyre danna, og denne blir så spalta til hydrogenkarbonat og hydrogenion.

Omtrent 30 prosent av karbondioksidet blir transportert frå cellene til lungene ved at det blir bunde til hemoglobin.

Læringsressursar

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter