Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Sirkulasjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Utviklinga av hjartet hos virveldyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utviklinga av hjartet hos virveldyr

Utforminga av hjartet hos virveldyra illustrerer utviklinga frå eit enkelt til to fullstendig separate krinsløp. Fisk har eit enkelt krinsløp, og hjartet består av to kammer. Både amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr har eit dobbelt krinsløp, men varierer i tal på hjartekammer.

Frå enkelt til dobbelt krinsløp

Utforminga av sirkulasjonssystemet hos virveldyra speilar utviklinga frå eit liv i vatn til eit liv på land. Tilpasninga til landlivet har gjort at oppbyginga av sirkulasjonssystemet er blitt meir kompleks. Forskjellane mellom fisk og pattedyr kan illustrere ytterpunkta i utviklinga.

Fisk – tokamra hjarte

Tegning av fisk med påtegnet forenklet sirkulasjonssystem.
Skjematisk teikning av lukka krinsløp hos fisk.

Hjartet hos fisk består av to kammer: eit framkammer og eit hjartekammer. Hos fisk tek hjartet imot oksygenfattig blod frå kroppen. Frå hjartet blir det oksygenfattige blodet pumpa til gjellene der det tek opp oksygen før det blir transportert ut i kroppen. Når blodet kjem til gjellene, vil blodtrykket framleis vere høgt.

På grunn av motstanden i blodårene minkar blodtrykket, og trykket vil vere lågt når blodet strøymer frå gjellene til dei andre delane av kroppen. Her vil oksygen bli frigitt til cellene slik at blodet blir oksygenfattig før det returnerer til hjartet.

Amfibium – trekamra hjarte

Tegning av frosk med forenklet kretsløp.
Skjematisk teikning av lukka krinsløp hos amfibium.

Amfibium har to fullstendig åtskilde framkammer, men berre eitt hjartekammer. Venstre framkammer tek imot oksygenrikt blod frå lungene, mens høgre framkammer tek imot oksygenfattig blod frå kroppskrinsløpet.

Sidan hjartekammeret ikkje er todelt, skjer det ei delvis blanding av oksygenrikt og oksygenfattig blod i hjartet. Hos dei fleste amfibia er det likevel ei relativt god åtskiljing av oksygenrikt og oksygenfattig blod, dette fordi oksygenfattig blod blir pumpa ut av hjartekammeret før oksygenrikt blod kjem inn.

Ein enkel fald ved utgangen av hjartet sørgjer for at oksygenrikt og oksygenfattig blod blir leidde ut til kvart sitt krinsløp.

Krypdyr – tre- eller firekamra hjarte

Skjematisk tegning av lukket kretsløp hos krypdyr.
Skjematisk teikning av lukka krinsløp hos krypdyr.

Krypdyr har to åtskilde framkammer. Hos dei fleste krypdyr er likevel hjartekammeret berre delvis delt av ein ufullstendig skiljevegg.

Sjølv om hjartekammeret ikkje har ein fullstendig skiljevegg, skjer det i liten grad ei blanding av oksygenrikt og oksygenfattig blod. Vi kan derfor si at krypdyra har eit velutvikla dobbelt sirkulasjonssystem.

Hjartet hos krokodillar skil seg frå hjartet hos andre krypdyr ved at hjartekammeret har ein fullstendig skiljevegg på tilsvarande måte som hos fugl og pattedyr.

Fugl og pattedyr – firekamra hjarte

Tegning av fugl med lukket kretsløp.
Skjematisk teikning av lukka krinsløp hos fugl.

Både fugl og pattedyr har eit dobbelt krinsløp, og hjartet har fire åtskilde kammer. Oksygenfattig blod frå kroppskrinsløpet kjem inn i høgre framkammer og blir pumpa vidare til høgre hjartekammer. Frå høgre hjartekammer blir blodet pumpa via lungearterien til lungene der det blir tilført oksygen.

Oksygenrikt blod frå lungene kjem til venstre framkammer via lungevenene og blir pumpa vidare til venstre hjartekammer. Frå venstre hjartekammer blir oksygenrikt blod pumpa til kroppskrinsløpet som transporterer dette til alle cellene i kroppen.

Snitt gjennom grisehjerte viser tykk vegg i venstre hjertekammer.
Hjartetverrsnitt som viser tjukk vegg i venstre hjartekammer.


Sidan kroppskrinsløpet og lungekrinsløpet er heilt åtskilde, kan trykket i dei to krinsløpa vere forskjellig. Utan ei fullstendig todeling av dei to krinsløpa ville ikkje dette vore mogleg. Motstanden i lungekrinsløpet er mindre og har derfor lågare trykk enn i kroppskrinsløpet. Som følgje av dette pumpar venstre hjartekammer med større kraft og har tjukkare muskelvegg enn høgre hjartekammer.

Læringsressursar

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter