Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Sirkulasjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Sirkulasjon hos virveldyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sirkulasjon hos virveldyr

Hos virveldyr blir blodet transportert i eit lukka kanalsystem. Dette gjer at transporten av gassar og andre stoff kan skje raskt og effektivt. Eit lukka sirkulasjonssystem kan vere enkelt eller dobbelt.

Skjematisk tegning av fem ulike kretsløp. Illustrasjon.
Modell av krinsløp til ulike grupper virveldyr. Frå venstre: fisk, amfibier (rumpetroll), amfibier (frosk), krypdyr, fugl og pattedyr

Sirkulasjonssystemet hos virveldyr

Sirkulasjonssystemet hos virveldyra består av eitt hjarte, eit nettverk av blodårer og ei sirkulerande væske som vi kallar blod. Hjartet slår med rytmiske rørsler og skaper eit trykk som pumpar blodet rundt i kroppen.

Arteriane

Hjarte frå menneske med årer inn og ut. Foto.
Den største arterien går ut frå hjartet og heiter aorta.

Frå hjartet blir blodet først pumpa ut i arteriar som leier blodet frå hjartet. Dei store arteriane har tjukke vegger, og blodtrykket er høgt. Desse forgreinar seg til stadig tynnare arteriar, og samtidig vil blodtrykket gradvis minke. Dei minste arteriane endar til slutt i eit nettverk av kapillær.

Kapillara

Veggene i kapillara består av berre eitt cellelag. All utveksling av stoff mellom blodet og cellene skjer ved diffusjon i kapillara. Frå kapillara strøymer blodet over i små venar som gradvis samlar seg til større venar.

Lungeblære omgitt av kapillær. Illustrasjon.
Lungeblærer omgitt av kapillær

Venane

Tegning av blodåre og muskler.
Muskelvenepumpa

Venane leier blodet tilbake til hjartet. Blodtrykket i venane er svært lågt samanlikna med blodtrykket i arteriane. Klaffar i venane sørgjer likevel for at blodet alltid vil strøyme i éi retning, tilbake mot hjartet.

I tillegg kan veggene i dei fleste venane bli pressa heilt saman. Dette er viktig for som òg medverkar til at veneblodet blir transportert tilbake mot hjartet. Musklar som omgir venane, utøver eit trykk på desse slik at veneveggene blir klemde saman og blod blir pressa vidare gjennom venane. Samtidig sørgjer veneklaffane for at blodet strøymer i riktig retning.

Muskelvenepumpa er spesielt viktig for transporten av blod opp frå beina når ein går eller spring.

Læringsressursar

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter