1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Sirkulasjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Sirkulasjon hos virvellause dyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sirkulasjon hos virvellause dyr

Det er stor variasjon i korleis sirkulasjonssystemet hos virvellause dyr er utforma. Hos somme dyregrupper manglar det heilt, fleirtalet har eit ope, og somme har eit lukka sirkulasjonssystem. Utforminga av sirkulasjonssystemet er mellom anna tilpassa størrelsen på dyra og aktivitetsnivået.

Fire virvelløse dyr i en collage: edderkopp, snegl, marihøne og blekksprut.

Alle leddyr har eit ope sirkulasjonssystem

Insekta har ei hovudblodåre som ligg langs ryggsida. Bakre del av hovudblodåra fungerer som eit pulserande hjarte som pumpar ut i kroppen. Hemolymfe blir ført tilbake til hjartet gjennom ventilopningar med klaffar som sørgjer for einvegstransport av væske.

Store krepsdyr, som reker, har eit liknande sirkulasjonssystem. Det er likevel ein viktig forskjell mellom insekt og krepsdyr:

  • Hos insekt medverkar ikkje hemolymfa til transport av gassar fordi insekta har eit trakésystem som transporterer oksygen og karbondioksid mellom omgivnadene og cellene.
  • Krepsdyr har på si side gassutveksling i gjellene, og hos desse er hemolymfa viktig for transport av gassar. Hemolymfa må passere gjellene før hjartet på nytt pumpar ho ut i kroppsholrommet.

Blautdyr – ope og lukka

Dei fleste har ope sirkulasjonssystem. Til forskjell frå leddyra har mange blautdyr velutvikla hjarte som pumpar hemolymfa rundt i kroppen.

Blekksprutar skil seg frå andre blautdyr ved at dei har eit lukka sirkulasjonssystem med arteriar, kapillar og venar. Blod og vevsvæske er såleis åtskilde, og sirkulasjonssystemet liknar det vi finn hos virveldyra.

Dei har eit relativt høgt blodtrykk og kan regulere fordelinga av blod til ulike organ. Det velutvikla sirkulasjonssystemet hos blekksprutar er ei tilpassing til eit høgt aktivitetsnivå som krev eit stort energiforbruk.

Leddormar – lukka

Dei fleste leddormane, som meitemarken, har eit lukka sirkulasjonssystem. Det består av ei ryggåre som leier blodet framover mot hovudet, og ei bukåre der blodet strøymer i motsett retning.
Forgreiningar frå dei to blodårene fører blod til hud, tarm og ekskresjonsorgan, der det skjer gassutveksling, opptak av næring og utskiljing av avfallsstoff.

Leddormar har ikkje eitt avgrensa hjarte. Ryggåra fungerer som hjarte ved å skape pulserande bølgjer som pumpar blodet framover. Ryggåra og bukåra er knytte saman av fem par blodårer som fungerer som «tilleggshjarte».

Læringsressursar

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter