Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Sirkulasjon hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. SirkulasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sirkulasjon

Alle dyr tek opp og skil ut ulike stoff med omgivnadene. Hos små dyr der avstandane er svært korte kan dette skje direkte ved diffusjon. Hos større dyr er avstandane lengre, og diffusjon av stoff vil gå for sakte. Dei fleste fleircella dyra treng derfor eit transportsystem.

Funksjon

Hovudoppgåva til sirkulasjonssystemet er å bidra til rask transport over lange avstandar. Det som blir transportert, er:

  • oksygen frå respirasjonsorgana til cellene
  • karbondioksid frå cellene til respirasjonsorgana
  • næringsstoff frå fordøyingssystemet til cellene
  • avfallsstoff frå cellene til ekskresjonsorgana
  • hormon frå produksjonsstaden til målcellene
  • kvite blodceller og antistoff til immunforsvaret
  • varme frå kroppskjernen til kroppsoverflata

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

Alle eincella dyr og enkelte fleircella dyr, som svampar, nesledyr og flatormar, manglar eit sirkulasjonssystem. Hos desse skjer all utveksling av stoff mellom cellene i kroppen og omgivnadene til dyret ved .

Glassmanter. Foto.
Nesledyr, slik som glasmaneta, manglar sirkulasjonssystem. All transport inn og ut av maneta går føre seg ved diffusjon gjennom cellemembranen hos enkeltcellene.

Dei fleste fleircella dyra må likevel transportere stoff over så lange avstandar at diffusjonen går for sakte. Desse har derfor utvikla eit sirkulasjonssystem. Eit sirkulasjonssystem består av ei sirkulerande væske, eit kanalsystem som leier væska rundt i kroppen, og ei eller fleire pumper som opprettheld væskestraumen.

Vi skil mellom to hovudtypar av sirkulasjonssystem:

  • ope sirkulasjonssystem
  • lukka sirkulasjonssystem

Ope sirkulasjonssystem

Dei fleste har eit ope sirkulasjonssystem. Den sirkulerande væska blir pumpa ut frå hjartet til arteriar som endar direkte i kroppsholrommet, utan å danne eit samband med kapillar og vener. Væska vil derfor strøyme fritt i kroppsholrommet og blande seg med vevsvæska. Den sirkulerande væska som er rundt cellene, blir kalla .

All utveksling av stoff mellom celler og hemolymfe skjer ved diffusjon. Hemolymfa strøymer tilbake til hjartet gjennom ventilopningar med klaffar som sørgjer for einvegstransport av væske.

Samansetjinga av hemolymfa blir endra når ho blir transportert mellom kroppsholrommet og hjartet. Dette fordi næringsstoff blir tekne opp frå fordøyingssystemet, avfallsstoff blir fjerna i ekskresjonsorgana, og gassar blir utveksla i respirasjonsorgana.

For dyr som har eit ope sirkulasjonssystem, vil den sirkulerande væska utgjere ein stor del av kroppsvolumet til dyret.

Det er mange avgrensingar som gjer at opne sirkulasjonssystem er mindre effektive enn lukka sirkulasjonssystem:

  • trykket er lågt, og tilbakeføring av væske til hjartet skjer langsamt.
  • moglegheita til å regulere fordelinga av hemolymfe til ulike organ er lita.
  • det vanskeleg å endre farten på oksygentransporten til cellene sidan væska strøymer fritt i kroppshola.

Lukka sirkulasjonssystem

Alle , med unntak av kjevelause fiskar, har eit lukka sirkulasjonssystem. Det same gjeld enkelte virvellause dyr som for eksempel meitemark, blekksprutar og pigghuder.

Hos virveldyr blir blodet transportert i eit lukka kanalsystem som består av elastiske blodårer. Frå hjartet blir blodet pumpa ut i arteriar som forgreinar seg til stadig tynnare blodårer før dei endar i eit nettverk av kapillar. I kapillara blir stoff utveksla mellom blodet og cellene ved diffusjon. Frå kapillara strøymer blodet over i vener som leier blodet tilbake til hjartet. På denne måten blir blodet halde vekke frå vevsvæska, og dei to væskene har ei svært ulik samansetjing.

Læringsressursar

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter