Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Gassutveksling hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Øvingsoppgåver – gassutvekslingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver – gassutveksling

Desse oppgåvene handlar om organsystem for gassutveksling. Dei skal hjelpe deg til å sjå samanhengar mellom korleis desse systema er bygde opp, og korleis dei fungerer. Oppgåvene vil òg utfordre deg til å reflektere over korleis bygningstrekk og funksjon er tilpassa det miljøet som dyra lever i.

Mikrroskopbilde av flatmark påtegnet piler som viser gassutveksling.
Gassutveksling hos flatmark.
  1. Kvifor må alle dyr ha tilgang på oksygen?

  2. Kvar i kroppen blir det brukt oksygen, og kva for sluttprodukt blir danna av oksygenbruken?

  3. Kva kjenneteiknar dei organa som blir brukte til gassutveksling?

  4. Korleis skjer transporten av respirasjonsgassar mellom eit dyr og omgivnadene og mellom respirasjonsorgana og cellene?

  5. Kvifor kan ein del dyr bruke huda til gassutveksling?

  6. Kvifor treng ikkje insekt sirkulasjonssystemet for å transportere respirasjonsgassar?

  7. Somme dyr bruker vatn til gassutvekslinga, og andre bruker luft. Kva er dei viktigaste skilnadene på desse to respirasjonsmedia (vatn og luft) når det gjeld utveksling av respirasjonsgassar?

  8. Fisk bruker motstraumsprinsippet for å ta opp meir oksygen frå vatnet. Tenk deg ein situasjon der blod og vatn i staden strøymer i same retning gjennom gjellene. Kvifor vil blodet då ta opp mindre oksygen frå vatnet enn ved motstraumsprinsippet?

  9. Pattedyr har eit mykje høgare oksygenforbruk enn amfibium og krypdyr. På kva måte er lungene hos pattedyr tilpassa dette høge oksygenforbruket?

  10. Kvifor er gjeller og hud lite eigna som respirasjonsorgan hos landlevande dyr, og kva kjenneteiknar respirasjonsorgana dei bruker?

  11. I lungene hos fugl blir oksygenet teke opp svært effektivt. Kvifor?

  12. Kva funksjon har luftsekkene i transporten av respirasjonsgassar hos fugl? Skjer det gassutveksling i luftsekkene?

  13. Beskriv fordelar og ulemper vatn har som respirasjonsmedium samanlikna med luft.
    Korleis har dette påverka utforminga av respirasjonsorgana hos fisk og pattedyr?

Læringsressursar

Gassutveksling hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter