Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Gassutveksling hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. Organ for gassutvekslingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Organ for gassutveksling

Organa som blir brukte til gassutveksling, kan vi dele i fire hovudgrupper. Ved hjelp av skjematiske snitt kan du her studere prinsippa for gassutveksling gjennom hud, i gjeller, i trakear og i lunger.

Tegning av fire dyr med skissert tverrsnitt. Illustrasjon.

Hud som respirasjonsorgan

Somme dyr bruker huda til utveksling av gassar og har ikkje utvikla spesialiserte respirasjonsorgan. Dette er berre mogleg hos dyr som har ei tynn og fuktig hud. Eit døme er meitemarken, som lever i fuktig jord. Hos meitemark vil oksygen diffundere direkte gjennom huda og til eit tett nettverk av blodkar som ligg like under huda.

Dyr som berre utvekslar gassar gjennom huda, er svært små og/eller har ei kroppsform som gir ei stor overflate i forhold til kroppsvolumet. Hos mange dyr er likevel ikkje gassutveksling gjennom huda nok til å forsyne cellene med oksygen. Slike dyr har utvikla spesialiserte organ for gassutveksling.

Gjeller som respirasjonsorgan

Dei fleste vasslevande dyr har utvikla gjeller. Gjeller er buktningar av kroppsoverflata som står i direkte kontakt med vatnet. Den tynne gjelleoverflata er rikt forsynt med blodkar som gjer at gassar raskt og effektivt kan bli utveksla mellom vatnet og blodet.

Trakear som respirasjonsorgan

Insekt har eit røyrforma nettverk av luftkanalar som blir kalla trakear. Desse har kontakt med lufta i omgivnadene via små opningar i huda til insekta. Trakeane leier oksygen direkte til cellene og transporterer karbondioksid i motsett retning. Hos insekt skjer derfor utvekslinga av respirasjonsgassar uavhengig av sirkulasjonssystemet.

Lunger som respirasjonsorgan

Landlevande virveldyr har utvikla lunger som ligg verna inne i brysthola. Her står gassutvekslingsoverflata i direkte kontakt med sirkulasjonssystemet, som leier oksygen til cellene og karbondioksid til lungene. Hos enkelte dyr med spesialiserte respirasjonsorgan, slik som amfibium, kan gassutveksling gjennom huda vere eit viktig tillegg til utvekslinga av gassar i respirasjonsorgana.

Læringsressursar

Gassutveksling hos ulike dyregrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter