Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Gassutveksling hos ulike dyregrupperChevronRight
  5. GassutvekslingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gassutveksling

Oksygenet er viktig for å kunne utnytte energien i næringsstoffa, og karbondioksid er eit avfallsstoff som må fjernast frå cellene fortløpande. Utvekslinga av oksygen og karbondioksid mellom cellene og omgivnadene kallar vi respirasjon.

Cellene bruker oksygen

Alle celler må ha tilførsel av oksygen. Gjennom ei rekkje reaksjonar som vi samla kallar celleanding, bruker cellene oksygen for å gjere om energien i næringsstoffa til energirike ATP-molekyl (adenosintrifosfat).

ATP er nødvendig for alle energikrevjande prosessar i ei celle. Sidan den aerobe celleandinga skjer i mitokondriane til cellene, er det der alt oksygenet blir brukt. For at cellene skal få tilført oksygen, må dyr ta opp denne gassen frå omgivnadene. Dette kan skje via luft eller vatn.
Under celleandinga blir sluttprodukta karbondioksid og vatn danna. Desse må dyra gi frå seg til omgivnadene. For effektivt opptak av oksygen og utskiljing av karbondioksid har mange dyregrupper utvikla spesialiserte respirasjonsorgan.

Gassutveksling skjer ved diffusjon

Gassutveksling skjer ved at oksygen og karbondioksid strøymer frå eit område med høg konsentrasjon av gassen til eit område med lågare konsentrasjon. Dette kallar vi diffusjon.

Store, tynne og fuktige overflater

Gassutveksling må skje over tynne overflater med eit stort areal for at alle cellene i kroppen skal få oksygenbehovet dekt. Respirasjonsoverflatene er bygde opp av levande celler som må haldast fuktige for å fungere. Vanlegvis skjer gassutvekslinga over eit lag fuktige epitelceller, som har rik blodtilførsel.

Rumpetroll. Foto.
Små rumpetroll tre dagar etter klekking, med store utvendige gjeller.

Overflata hos vasslevande dyr står i direkte kontakt med omgivnadene og held seg fuktige ved hjelp av vatnet. Landlevande dyr må halde fuktige overflater ved like utan å tape for mykje vatn til omgivnadene. Respirasjonsorgana ligg derfor verna inne i kroppshola. Hos mange dyr sørgjer eit eige sirkulasjonssystem for transport av oksygen og karbondioksid mellom cellene og respirasjonsorgana.

Læringsressursar

Gassutveksling hos ulike dyregrupper