Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Funksjon og tilpassing

I dette hovudområdet skal vi sjå på korleis funksjon, åtferd, vekst og formering hos både plantar og dyr har tilpassa seg ulike levevilkår og utvikla seg gjennom tidene. Når du jobbar med "Funksjon og tilpassing", har du nytte av bakgrunnskunnskap frå ”Cellebiologi” og ”Fysiologien til mennesket”.

Tiur og røy på spillplass. Foto.

Funksjon og tilpassing til levestad og miljø

På jorda er det eit enormt mangfald av livsformer tilpassa nettopp sin levestad. Dette gjeld både trekk knytte til bygning og funksjon, åtferd, vekst og formering. Korleis har dei tilpassa seg til sitt miljø, og korleis kan ein setje det i samaheng med utvikinga av livet på jorda?

Emner

Funksjon og tilpassing

  • Opptak av oksygen og utskiljing av karbondioksid kallast gassutveksling. Nokon dyr gjer dette direkte over overflate. Andre har eigne respirasjonsorgan.

  • Stoff må transporterast rundt i kroppen. Nokre organismar har direkte transport inn og ut av cellene, mens andre har eigne organsystem for transport.

  • Formeiring

    Nøkkelen til evolusjonen ligg i organismane si evne til å formeire seg. Berre gjennom vellykka formeiring kan ein art overleve på lang sikt.

  • I dette emnet skal du få oversikt over ulike strategiar dyra bruker for å formeire seg.

  • Bli kjend med kortleis plantar har utvikla formeringsstrategiane sine, frå eit liv i vatn til et liv på land for 500 millionar år sidan.

  • Utviklinga av eit indre transportsystem har vore heilt avgjerande for karplantane sin suksess på landjorda.

  • Plantar har tilpassa seg det mlijøet dei lever i. Tilpassingar er viktige for å overleve og reprodusere.

  • Åtferd hos dyr

    Etologi er læra om åtferda til dyr. Læra tar utgangspunkt i korleis dyr oppfører seg i sitt naturlege miljø.