Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Organdonasjon og medisinske kriterium for dødChevronRight
  5. Etikk og mangel på organChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etikk og mangel på organ

Mangelen på organ har ført til illegal verksemd, men òg til forsking på nye måtar å skaffe vev og organ på. I kjølvatnet av dette oppstår det også nokre etiske problemstillingar.

Overkropp til ung mann med teksten "Not for sale". Foto.

Etikk – organ blir selde på svartebørs

Mangelen på organ til transplantasjon har ført til at det har utvikla seg svartebørshandel med organ, hovudsakleg frå fattige "givarar" i fattige land, til velståande mottakarar. Det har òg vore fleire tilfelle der organ har vorte stolne frå avlidne personar, men ein har ikkje avdekt slike tilfelle i Noreg.

Modell av tenkt organbank med ulike oganer på glass.
Modell av ein tenkt organbank (ikkje realistisk).

I Noreg og i dei fleste vestlege land er det er strengt forbode med kjøp og sal av organ. Det hindrar ikkje at det blir utført mange illegale transplantasjonar i verda. For å motverke vekst i den illegale marknaden, ønskjer ein å redusere ventelistene.

Dyr som reservedelsprodusentar

Ettersom det er stor mangel på organ til transplantasjon, forskar ein på moglegheita for å bruke organ frå dyr (xenotransplantasjon). Både grisar og apar har organ som er svært like organa til mennesket, men vevstypane er ulike og skapar kraftigare avstøytingsreaksjonar enn ved transplantasjonar mellom menneske.

Vev med viruspartikler.
Retrovirus hjå gris.

Ved hjelp av genteknologi har ein skapt grisar med ein vevstype som kan aksepterast ved transplantasjon på tvers av artsgrenser.

Det er likevel ein viss fare for å overføre smittestoff som menneske ikkje har immunitet mot. Dette er grunnen til at det førebels er forbode å utføre xenotransplantasjon av levande vev frå dyr til menneske i mange land, inkludert Noreg.

Filmen om Dyr som reservedelsprodusentar egnar seg godt som innleiing til debatt.

Dyrkar organ som ikkje blir avstøytte

Ved tradisjonell transplantasjon nyttar ein organ frå ein givar (donor). For å hindre avstøyting må pasienten bruke medisinar som dempar immunforsvaret. Desse medisinane gir biverknadar og er ikkje alltid nok til å hindre avstøyting. Det er også lang ventetid på å få eit donert organ.

Toårige Hanna smiler i sin sykeseng med mange ledninger koblet til seg.
Banebrytande kirurgi med nytt luftrøyr laga av nanomateriale og stamceller frå den vesle jenta.

Forskingsresultat frå dyrking av vev med pasienten sine eigne gen, gir difor grensesprengjande moglegheiter innan medisin. For å kunne dyrke celler og vev utanom kroppen, treng ein pluripotente stamceller. Dei er ikkje spesialiserte og kan utvikle seg til kva for type vev som helst (differensiering). Når desse stamcellene har same kjerne (same DNA) som pasienten, vil det vevet som blir dyrka, bli akseptert utan fare for avstøyting etter transplantasjon. Lukkast ein i å utvikle effektive metodar, vil det gi store gevinstar i medisinsk samanheng.

Kjelder til stamceller

les mer Donere organ? Kvart år opplever mange familiar at ein av deira nærmaste blir så alvorleg skadd eller sjuk at livet ikkje kan reddast. Då kan spørsmålet om organdonasjon melde seg. Mange opplever det som ei ekstra belasting å skulle ta stilling til organdonasjon på vegner av den som er i ferd med å døy. Dersom fleire hadde snakka om kva haldning dei har til donasjon, ville avgjerda kanskje vorte enklare for dei pårørande i ein slik situasjon. Kvar einskild av oss kan ta ei avgjerd medan vi lever og informere våre nærmaste om vår haldning til donasjon. Det er òg mogeleg å vise sitt samtykke skriftleg ved å skaffe seg eit donorkort. Korleis bli donor? på Organdonasjon.no

Terapeutisk kloning

Ved terapeutisk kloning blir kjernen i eit ubefrukta egg fjerna og erstatta med kjernen frå ei vanleg kroppscelle (pasienten si). Dersom alt går bra, utviklar egget seg som ved ei normal befrukting og dannar ein blastocyst. Dersom denne blir brukt som kjelde for stamceller til behandling, kallar ein det terapeutisk kloning.

For einskilde er det ikkje etisk akseptabelt at ein nyttar donerte eggceller eller aborterte foster som kjelde til stamceller. Mange har òg motførestellingar mot denne prosessen fordi det er eit menneske som blir klona, sjølv om prosessen blir stoppa på blastocyststadiet.

Induserte pluripotente celler (iPS-celler)

Et tynt sjikt med menneskeceller som vokser på et næringsmedium.
Induserte pluripotente stamceller (iPS-celler) sett i lysmikroskop. Desse cellene er farga og veks på eit næringsmedium. Ved hjelp av biokjemiske signal kan ein differensiere pluripotente celler til alle dei 200 celletypane som finst i menneskekroppen.

Som eit alternativ til terapeutisk kloning har ein funne ein metode for å omprogrammere celler som allereie er differensierte (spesialiserte). Ein kan til dømes bruke hudceller og omprogrammere dei til ein embryonal stamcelleliknande tilstand.

Desse cellene blir kalla induserte pluripotente stamceller (iPS-celler), og dei blir produsert i store mengder. iPS-celler blir framleis mest brukt til forsking, men nokre pasientar har fått nye organ og nytt vev. Ei kvinne fekk nytt luftrøyr med eigne celler dyrka på brusken frå eit donert luftrøyr. iPS-celler kan mellom anna bli svært nyttige til dyrking av hud for brannskadde.

Læringsressursar

Organdonasjon og medisinske kriterium for død

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter