Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Organdonasjon og medisinske kriterium for dødChevronRight
  5. Donorar og kriterium for dødChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Donorar og kriterium for død

Ein føresetnad for donasjon av vitale organ som hjarte og lunger, er at donoren er hjernedaud. Korleis stiller ein diagnosen hjernedaud, og kven kan bli donor?

Pasient lastes inn i helikopter. Foto.

Føresetnad for donasjon – hjernedaud

Ein føresetnad for donasjon av vitale organ som hjarte og lunger er at donoren er hjernedaud og at pasienten døydde på eit av dei godkjente donorsjukehusa i Noreg ( Oversikt over godkjende donorsjukehus på Organdonasjon.no). I Noreg er det lovpålagt å gjennomføre ei røntgenundersøking som kan påvise oppheva sirkulasjon i hjernen før organdonasjon kan skje.

Mor og datter omfavner hverandre.

Dersom ein pasient blir erklært hjernedaud og er aktuell som donor, vil ein halde ved lag organa sine funksjonar mellom anna ved hjelp av respirator. Det gir dei pårørande tid til å snakke saman før dei må ta ei avgjerd. Dette er særleg viktig når den avlidne ikkje har uttrykt eit klart standpunkt til donasjon.

Korleis stiller ein diagnosen hjernedaud?

I Noreg er dødsdefinisjonen nedfelt i lovverket:

Lov om donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev (transplantasjonslova) på Lovdata.no

Definisjonen er knytt til total og varig øydelegging av hjernen med irreversibelt opphøyr av alle funksjonar i storehjerne, lillehjerne og hjernestamme.

For å stille diagnosen "daud ved total øydelegging av hjernen", medan andedrag og hjarteverksemd blir halde ved lag med kunstige middel, må alle desse kriteria vere oppfylte:

Et hjerte ligger i saltvann og is i en gjennomsiktig plastpose. Foto.
Et donert hjerte. Organer som skal transplanteres blir nedkjølt og fraktet til Rikshospitalet hvor mottakere ankommer på kort varsel og transplantasjoner blir gjennomført.
  1. erkjent sjukdom eller skade i skallehola
  2. total medvitsløyse
  3. opphøyr av eigne andedrag
  4. fråvær av alle hjernenerverefleksar
  5. opphøyr av den elektriske aktiviteten i hjernen (flatt EEG)
  6. oppheva blodtilførsel til hjernen påvist ved røntgenfotografering av hovudet etter innsprøyting av kontrastmiddel i halspulsåra (cerebral angiografi).[1]

Ettersom dei fleste pasientane som døyr på sjukehus, døyr av hjartestans utan at hjernen er daud på førehand, er det få pasientar som oppfyller kriteria for organdonasjon. For å auke tilgangen på organ til transplantasjon, ønskjer fleire forskarar å endre kriteria for organdonasjon til også å gjelde hjartedaude[2]

Kven kan bli donor?

Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for å vere donor, men det er berre personar som døyr av hovudskader forårsaka av ulukker, blodpropp eller hjernebløding som er aktuelle donorar.

Av dei 40 000 personane som døyr i Noreg kvart år, er det mindre enn 0,5 % som eignar seg som donorar, det vil seie mindre enn 200 personar.

Sjølv om lova her opnar for at det skal vere mogeleg å nytte organ frå den avlidne til transplantasjonar utan at det ligg føre eit løyve frå den avlidne eller pårørande, gjer ein aldri dette i Noreg.

Logo med en grønn person med en forlenget arm. Grafikk.
Logo til stiftelsen Organdonasjon.

Når donasjon er aktuelt, skal helsepersonell alltid spørje dei pårørande om dei kjenner den avlidne si haldning til donasjon. Dersom den avlidne hadde gitt samtykke til donasjon, til dømes i form av eit donorkort, er det dette ein skal leggje til grunn for å gjennomføre donasjonen. Dersom dei pårørande likevel set seg sterkt imot donasjon, kan donoransvarleg lege avvike frå den avlidne sitt ønske.

Dersom dei pårørande ikkje kjenner den avlidne si haldning til donasjon, men ikkje set seg imot dette, kan ein gjennomføre donasjonen. Når den avlidne si haldning til donasjon var negativ, blir donasjon ikkje gjennomført.[3]

  1. 1«Dødskriterier». Torleiv Ole Rognum. Store medisinske leksikon. 2009.
  2. 2«Vil ha nye kriterier for organdonasjon». Anne Grete Storvik. Dagens medisin. 2009.
  3. 3«Spørsmål og svar om organdonasjon». Organdonasjon.no. Organdonasjon.no. 2019.

Læringsressursar

Organdonasjon og medisinske kriterium for død

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter