Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Organdonasjon og medisinske kriterium for dødChevronRight
  5. Organdonasjon og immunforsvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Organdonasjon og immunforsvar

Når organ, som til dømes nyrene, sviktar, kan redninga bli ei ny nyre frå ein levande eller død donor. For at transplantasjonen skal gå bra, må vevstypane til donoren og mottakaren vere mest mogeleg like, og immunsystemet til mottakaren må dempast for at det nye organet ikkje skal bli avstøytt.

Gjennomsiktige hender gir et frisk hjerte til to hender som er blåaktige. Illustrasjon.

Immunforsvaret ved transplantasjonar

Kroppen sine eigne B- og T-celler (lymfocyttar) kan skilje mellom ven og fiende og går ikkje til åtak på eigne friske celler, fordi dei har kroppen sine eigne antigen ( vevstype). Under modninga av B- og T-celler vil dei som reagerer mot kroppen sine eigne celler, bli drepne.

Avstøyting

Ved ein transplantasjon er vevstypane til mottakaren og givaren (donoren) ulike. Det transplanterte organet har celler med antigen som lymfocyttane oppfattar som framande. Dersom ein ikkje grip inn, vil T-dreparceller (også kalla T-åtaksceller), med hjelp frå T-hjelparceller, gå til åtak på dei framande cellene, slik at det nye organet blir øydelagt og avstøytt.

Immunundertrykking

Mikroskopbilde av en sopp. Foto.
Soppen [i]Tolypocladium inflatum[/i], som finst på Hardangervidda, er opphavet til cyclosporin, som ein nyttar til å dempe immunreaksjonar ved transplantasjonar.

For å unngå avstøyting, må immunforsvaret til mottakaren dempast med medikament. Eit viktig medikament er cyklosporin, som blir brukt for å dempe aktiviteten til T-cellene. Det hindrar T-hjelparcellene i å skilje ut cytokin, og dermed blir ikkje T-dreparcellene stimulerte til deling. Det blir færre T-dreparceller som kan gå laus på det transplanterte organet.

Pasientar som har fått transplantert organ, må bruke medisinar som dempar immunresponsen heile livet, men dosane er størst i byrjinga. I denne perioden er pasienten utsett for infeksjonar og treng ekstra vern (ofte i isolat) mot patogene mikroorganismar. Når ein seinare må trappe ned dosane, er det ein kritisk fase der ein håpar at kroppen vil godta det nye organet.

Vevslikskap

For å minske faren for avstøyting, vel ein organ frå ein donor med ein vevstype som er mest mogleg lik vevstypen til mottakaren. Einegga tvillingar har identiske vevstypar, men alle slektningar har meir og mindre like vevstypar. Når det er mogleg, blir derfor slektningar brukt som givarar. Dette gjeld særleg nyre- og beinmergstransplantasjonar.

Organ

Det er sju organ som kan donerast og transplanterast: hjartet, to lunger, to nyrer, levra og bukspyttkjertelen.[1]

To hender som preparerer aorta med hjerteklaffer for transplantasjon. Foto.
I ein vevsbank tek dei vare på reservedelar som hjarteklaffar, øyrebein og hornhinner.

Vev som hornhinner, hud og blodårer med klaffar blir òg nytta i transplantasjonar. Hornhinnetransplantasjon er den hyppigaste forma for transplantasjon i verda.

Friske levande donorar kan gi ei nyre, beinmerg og ein del av levra, men dei andre organa og vevstypane som er nemnde, må kome frå ein død donor.

  1. 1«Spørsmål og svar om organdonasjon». Organdonasjon.no. Organdonasjon.no. 2019.

Læringsressursar

Organdonasjon og medisinske kriterium for død

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter