Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. HormonChevronRight
  5. Regulering av hormonproduksjonenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Regulering av hormonproduksjonen

Hormonproduksjonen vår blir regulert slik at det alltid er ei passe mengd av dei ulike hormona i blodet vårt. I ein stressande situasjon har vi for eksempel behov for store mengder med adrenalin og noradrenalin, slik at cellene får meir energi. Men kva styrer hormonproduksjonen i kjertlane?

Tilbakekopling regulerer hormonproduksjonen

Jente med frykt i øynene
Ved stress og frykt blir det sendt ut store mengder adrenalin og noradrenalin som set oss i kampberedskap.

Reguleringa av hormonproduksjonen i kjertlane i kroppen skjer i hovudsak ved tilbakekopling. Det vil seie at konsentrasjonen av eit hormon i blodet verkar inn på mengda hormon som kjertelen produserer.

Påverknaden kan anten vere negativ eller positiv. Hormonkonsentrasjonen blir stort sett styrt ved negativ tilbakekopling.

Negativ tilbakekopling

Stoppskilt

Negativ tilbakekopling inneber at auka konsentrasjon av eit hormon i blodet vil redusere hormonproduksjonen i kjertelen.

Eit døme på dette er reguleringa av tyroksinproduksjonen i skjoldbruskkjertelen. Viss tyroksinkonsentrasjonen i blodet aukar, vil dette verke hemjande på den vidare produksjonen av tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Denne negative tilbakekoplinga skjer fordi hypofysen registrerer den auka konsentrasjonen av tyroksin i blodet og svarer med å redusere utskiljinga av . Dermed vil skjoldbruskkjertelen produsere mindre tyroksin.


"Nok, stopp utskiljinga" – negativ tilbakekopling (hemjande)

"Ja, køyr på med meir" – positiv tilbakekopling (forsterkande)


Kombinasjon av negativ og positiv tilbakekopling

Menstruasjonssyklusen til kvinna blir regulert ved ein kombinasjon av negative og positive tilbakekoplingar. Hypofysen skil ut follikkelstimulerande hormon (FSH) og luteiniserande hormon (LH). Desse påverkar eggstokkane slik at dei produserer høvesvis østrogenet østradiol og progesteron.

Mor med barn som ammar. Foto
Amming av barn.

Østradiol og progesteron verkar i sin tur som ein brems tilbake på hypofysen (negativ tilbakekopling): Hypotalamus registrerer den auka hormonkonsentrasjonen og stansar dermed produksjonen av og inntil konsentrasjonen av østradiol og progesteron har sokke tilstrekkeleg.

Rett før eggløysinga aukar konsentrasjonen av hormonet østradiol. Dette har ein positiv verknad på hypotalamus (positiv tilbakekopling) slik at det blir ei massiv, men kortvarig frigjering av LH, som igjen får egget til å losne frå eggstokken.

Nervesystemet

Nervesystemet medverkar òg i reguleringa av hormonproduksjonen. Når eit barn syg på brystvorta, blir eit nervesignal sendt til hypotalamus, som så sørgjer for at hypofysen skil ut prolaktin. Prolaktin stimulerer til mjølkeproduksjon i brystene. Hyppigare amming gir auka mjølkeproduksjon.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormonsystem og nervesystem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormonsystemet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nervesystem vs. hormonsystem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter